
Legg grunnlaget for komande studieår
Eit sterkt studentdemokrati og engasjerte studentar er viktige kjenneteikn ved gode universitet og høgskular. Men dette veks ikkje fram av seg sjølv. Når demokratiet og engasjementet blømer, ligg det ofte eit omfattande arbeid til grunn.
Denne veka møtte eg HVL sine fremste studenttillitsvalde frå våre campus i Bergen, Førde, Haugesund, i Sogndal og på Stord. Dei var i full sving med å leggja grunnlaget for komande studieår.
Det skjedde ved at avtroppande arbeidsutval i Studenttinget på Vestlandet med Andrea Grutle i brodden, overførte gode lærdommar og råd til det nye arbeidsutvalet og leiar Mattis Rovik.
Takk for alt arbeid som er gjort. No er det berre å gleda seg til august, hausten og alt meiningsfullt strev som står føre i HVL i studieåret 2025-2026.