
Møtte arbeidsutvalet ved Studenttinget på Vestlandet
Korleis styrkar me demokratiet? Når kjem Universitetet på Vestlandet? Dette var mellom dei viktige spørsmåla då rektoratet ved Høgskulen på Vestlandet HVL møtte arbeidsutvalet ved Studenttinget på Vestlandet tysdag 19. august.
Å byggja demokrati og universitet på fem campus krev noko heilt eige. Men me får det til i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord.