Omfattande arbeid vert lagt ned for å styrka utdanning, forsking og innovasjon i HVL om dagen.

Vertskommunemøtet med Sogndal kommune, Studentssamskipnaden Saman og studenttillitsvalde Sheila-Mari Demic Skauge og Nils-Werner Strypet fredag 21. februar, vart ei mønstring av ulike tiltak og satsingar som er i sving.

I sentrum for det heile:

Korleis utvikla forskingsbaserte, relevante og attraktive utdanningar i eit levande lærings- og studiemiljø.

Takk for godt møte og alt godt arbeid som vert gjort for å utvikla studiestaden Sogndal og HVL!