Det var ei ære å opna det heile med følgjande ord: HVL er glade for å vera vertskap for den fjerde nasjonale barnehageforskingskonferansen.
Norsk barnehageforskingskonferanse 2022 skjer på campus Bergen, Høgskulen på Vestlandet 26. - 28. oktober. Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Stavanger er arrrangørar.
 
Programmet vitnar om skarpt blikk, ikkje berre for det lokale og nasjonale, men også det internasjonale.
I Høgskulen på Vestlandet er utdanning og forsking på barnehagen særs viktig og eit fagfelt i vekst og utvikling. Vårt eige senter BARNkunne som i dag er arrangør i lag med Filiorum ved Universitetet i Stavanger er prov på dette.
 
Leiing er det gjennomgåande temaet i årets konferanse. Leiing gjer ein skilnad.
I tre dagar vert me inviterer til drøfting av aktuell forsking som har relevans for fag- og praksisområde.

Eg kan nemna:
- leiing av utviklingsarbeid
- samarbeid om profesjonsutvikling
- moralske og etiske aspekt ved barnehageleiing
- pedagogisk leiing
- etiske og moralske perspektiv knytt til leiing

Desse tre dagane kan kunnskapsallmenningen byggjast større:
- Kunnskapen om barnehagen som lærande organisasjon
- Kunnskapen om utviklingsarbeid
- Kunnskapen om profesjonsutvikling
- Kunnskapen om politiske rammer
Tillat meg å vera litt personleg kring temaet leiing i barnehage.

Det gjeld tida med mine to eigne born i barnehagen. Eg veit eigentleg ikkje om dette er noko spesielt, for eg trur mine røynsler frå ha ungar i ein veldriven barnehage ikkje er so spesielle. Men eg og kona mi, begge lukkeleg yrkesaktive, er i alle fall evig takksam for desse gode åra i ungane våre sin barndom og i våre liv.
 
Kvar einaste dag, år ut, år inn: systematikk, plan, opplegg, fridom, leik, naturopplevingar, kultur, utvikling, medvit. Det var høgt medvit om barnehagens verdigrunnlag. Det var høgt medvit om at det som er ein god barnehage i dag, er noko anna enn den gode barnehagen for 10 år sidan, og det som er god barnehage i dag, er annleis enn det som er den gode barnehagen om 10 år. Kanskje aller mest imponerande: Det gode mottaket om morgonen, den gode hentinga om ettermiddagen, stunder som var ringa inn av forteljingar og oppdateringar om mine to barn.

Eg er ikkje berre takksam. Eg er framleis fylt i beundring for det arbeidet som vart utført og den gode leiinga som låg til grunn. Det var dugande kvinner, det var dugande menn. Leiing gjer ein skilnad.
 
Forskingsbasert utdanning tett på og relevant for praksis går rett inn i profilen for den profesjons- og arbeidslivsretta HVL. Det er også fundamentet for det det nye Universitetet på Vestlandet me byggjer. Det gjer me med fem moderne campus over heile Vestlandet: i Bergen, i Haugesund, på Stord, i Sogndal og i Førde. Stort geografisk nærvær er vår store styrke, slik vert me ein høgare utdanningsinstitusjon med ein særskilt høg sosial nyttefunksjon – regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

I vår type institusjon, og her tek eg gjerne med vår medarrangør «Filiorum» – senter for barnehageforsking - ved Universitetet i Stavanger – så står samarbeid og samspel med private og offentlege aktørar sentralt.
 
Dette samspelet må alltid vera ramma inn av grunnleggjande akademiske normer, vårt vitskaplege etos.
 
Grunnlaget for vår samfunnsverdi ligg i at me forvaltar vitskapelege metodar, forskingsbasert kunnskap og akademisk fridom på beste vis.

I ei tid med ufred, økonomisk uvisse, villfarne informasjonsstraumar og konspirasjonsteoriar, er det universitet og høgskular si oppgåve å hegna om vitskap og rasjonalitet, leggja grunnlag for den gode dømmekrafta, og skjera gjennom spreiinga av løgn, propaganda og forsøk på manipulasjonar.

Det er vår oppgåve, å søka sanninga og leggja vitskaplege metodar til grunn for forsking og utdanning. Det er vår oppgåve å formidla denne kunnskapen lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er vår oppgåve å dyrka ytringskultur og å gi trygge rammer og byggja mot hjå våre forskarar.

Takk til arrangementskomiteen og dei to sentra for barnehageforsking ved Høgskulen på Vestlandet og ved Universitetet i Stavanger.

Takk til gode samarbeidspartnarar som har bidrege godt i arbeidet med konferansen.

Til slutt:
Eg helsar dykk her i Mimes brønn ved campus Bergen. I norrøn mytologi var Mimes brønn sjølve kjelda til kunnskap og visdom. So Mimes brønn er ein god stad å helsa dykk i frå og ein god stad å arrangere konferansar

Eg har hatt gleda av lesa i den fine boka med samandrag som ligg føre til denne konferansen. Heile 77 faglege bidrag er på plass i boka. Eit imponerande og rikt arbeid. For eit fint grunnlag som er lagt! Me er invitert til læring, forståing, nytenking og klokskap. Bordet er dekka!

Kvar einskild av dykk sin innsats, aktive deltaking, merksemd, og fokus er viktig for kor bra konferansen faktisk vert.

Det fordrar tid, det fordrar flid.
Dykkar arbeid gjer ein skilnad.

Til lukka med Norsk barnehageforskingskonferansen 2022!