
Eg hadde gleda av å ta del på boksleppet saman med gode veteranar i lærarutdanninga og Linn Katrin Pilskog i Bergen kommune. No vert gleda delt med høgskulestyret.
"Høgt under taket. Lærarutdanning i Bergen 1953 - 2016" Redaktørar Jostein Saakvitne og Egil Ertresvaag. (Bodoni Forlag 2022).
Ved møtet i styret for Høgskulen på Vestlandet HVL 26. oktober vil styremedlemmane få denne rykande ferske boka i gåve.
Fleire veteranar i høgskulen med Nils Mæhle i brodden har samla seg, og ikkje minst samla eit stort minnemateriale, og saman forfatta eit mangslunge og interessant bokverk om lærarutdanninga si utvikling i Bergen i sju tiår, heilt fram til Høgskolen i Bergen gjekk inn i HVL i 2017.
Ferda har gått frå Nygård til Landås og til Kronstad. Tida på Landås utgjer det definitive tyngdepunktet i boka.
I tillegg dei ulike perspektiva på lærarutdanninga i Bergen, er den nasjonale ramma handsama ved at Sigmund Sunnanå har skrive om si tid i Lærarutdanningsrådet, og ved at Åsulv Frøysnes har gir eit riss av historiske utviklingstrekk i norsk lærarutdanning.
Eg hadde gleda av å ta del på boksleppet saman med gode veteranar i lærarutdanninga og Linn Katrin Pilskog i Bergen kommune. No vert gleda delt med høgskulestyret.