Sluttmelding – avbryting av studiet
Du kan sende inn eit skjema om sluttmelding for å gi frå deg studieplassen og slutte på studieprogrammet du går på.
MERK: Dersom du er ny student ved HVL i haustsemesteret og seier ifrå deg plassen eller sluttar før 1. september, skal du ikkje nytte dette skjemaet. Då skal du sende ein e-post til opptak@hvl.no om at du seier ifrå deg plassen.
Dersom du går på eit studium med studieavgift/eigenbetaling må sluttmeldinga vere sendt innan 1. september for haustsemesteret og innan 1. februar for vårsemesteret for å unngå betalingsforpliktingar for eit nytt semester.
Skjema om sluttmelding
Dersom du ønskjer å snakke med ein studierettleiar før du eventuelt vel å slutte på studiet, finn du kontaktinformasjon til studierettleiar her.
Ved å sende inn skjemaet om sluttmelding, stadfestar du at du ønskjer å slutte på studiet. Det inneber at du seier frå deg studieretten din og du vil bli meldt av alle oppmeldte eksamenar (vurderingar).
Ved innsending av skjemaet, kan du velje om du vil ha kvittering på at du har sendt inn sluttmelding.