
Plattform og handlingsplan for internasjonalt kunnskapssamarbeid 2025-2030
På denne nettsida finn du Høgskulen på Vestlandet sin plattform og handlingsplan for internasjonalt kunnskapssamarbeid for perioden 2025-2030.
HVL sin plattform for internasjonalt kunnskapssamarbeid
Høgskulen på Vestlandet skal, saman med regionale og internasjonale partnarar, bidra til å løyse dei store globale samfunnsutfordringane. Vår kompetanse innan innovasjon, anvendt forsking, framtidsretta utdanning og livslang læring, gjer HVL til den føretrekte akademiske partnaren på Vestlandet, og som ein viktig aktør for regional og europeisk transformasjon.
Det er ein prioritet for norske myndigheiter å auke samarbeidet med Europa, og det er viktig for oss alle at det europeiske prosjektet lukkast. Europa treng ein transformasjon og syner dette gjennom ei auka satsing på omskulering og vidareutdanning på den eine sida, og på innovasjonskraft og konkurranseevne på den andre. HVL, som eit regionalt forankra og forskingsbasert profesjons- og arbeidslivsnært universitet, er eit bindeledd mellom desse to satsingsområda, regionalt og i Europa.
Dei faglege satsingane i HVL skal utvikle samarbeid med dei beste innanfor dei ulike områda, og desse finst i heile verda. HVL skal følgje opp Panorama-strategien gjennom å finne dei beste samarbeidspartnarane for HVL sine satsingar globalt.
Men det internasjonale kunnskapssamarbeidet skal ikkje berre vere basert på kva som tener HVL. Vi har også eit ansvar som kunnskapsinstitusjon å bidra til verda og vere med å løyse globale samfunnsutfordringar. Gjennom solidaritet, kapasitetsbygging, og forsking på- og utdanning i berekraft, skal HVL ta eit globalt ansvar og fremme akademisk fridom.
Verda omkring oss er i endring og kunnskapssektoren vert i stadig større grad påverka av geopolitisk rivalisering, kompetansekappløp og eit press på akademiske verdiar.
Det internasjonale arbeidet vårt skal underbygge vår eigenart og vere med å drive utviklinga av HVL og i regionen, men det skal og vere ansvarleg og ta inn over seg det nye risikobiletet i kunnskapssektoren. Ved ei meir strategisk innretting på det internasjonale kunnskapssamarbeidet skal HVL møte utfordringane og gripe mogelegheitene.
Dette skal vi gjere gjennom tre hovudgrep:
Bygge opp faglege satsingar
Ei hovudutfordring framover vil vere å prioritere ressursar, både fagleg og administrativt, for å nå HVL sine mål. Fokuset i internasjonalt kunnskapssamarbeid må vere på kva HVL, både som institusjon og på fakultetsnivå, ynskjer å oppnå. Slik vil det vere mogeleg å bruke fleire verkemiddel, ulike finansieringsordningar for prosjekt, studentutveksling, tilsettutveksling og nettverksaktivitet, for å bygge opp rundt fagmiljø og faglege satsingar.
HVL skal definere faglege satsingsområde, prioritere ressursar til desse, og bygge opp ein portefølje av internasjonale partnarskap, prosjekt og nettverk rundt dei.
Utvikle djupe partnarskap
HVL skal arbeide meir strategisk med internasjonalt kunnskapssamarbeid ved å utvikle utvalde djupare partnarskap på institusjonsnivå. Dette kjem i tillegg til den einskilde forskar sin fridom til søke faglege internasjonale samarbeid.
Ved å identifisere og satse på utvalde institusjonelle partnarar der HVL samarbeider om forsking og innovasjon, utdanning og utveksling, kan ein bygge ned barrierar, skape synergiar, og forplikte seg til langsiktige mål. Dette gjeld samarbeid både i og utanfor Europa, og fortrinnsvis med deltakarar frå arbeids- og næringsliv i regionen vår. ARTEMIS-alliansen vil vere særskilt viktig for HVL dei neste åra.
Bygge internasjonale partnarskap for og med regionen vår
HVL er eit regionalt forankra universitet, og skal halde fram med å ta ei sentral rolle i regional utvikling og i å styrke nyskaping og konkurransekraft på Vestlandet. Internasjonalt kunnskapssamarbeid er ein naturleg del av dette.
HVL skal vere ein døropnar for regionalt arbeids- og næringsliv, og danne regionale lag for å auke gjennomslag i internasjonale utdannings-, forskings- og innovasjonsprosjekt.
Vi skal og utvikle praksis-ordningar i bedrifter og institusjonar på Vestlandet for internasjonale studentar, og for HVL-studentar der dei reiser på utveksling.
HVL skal både følgje regionalt arbeidsliv ut i verda, og bringe den internasjonale kunnskapsallmenningen tilbake til regionen.
Handlingsplan internasjonalt kunnskapssamarbeid 2025-2030
Internasjonalt kunnskapssamarbeid er sentralt for å lukkast med HVL sine ambisjonar som skildra i strategien. Det internasjonale arbeidet skal underbygge vår eigenart og vere med å drive utviklinga av HVL som eit regionalt forankra profesjons- og arbeidslivsnært universitet.
Denne handlingsplanen er strukturert etter HVL sin strategi og set måla for HVL sitt internasjonale kunnskapssamarbeid inn i ein heilskap. Operasjonaliseringa av desse måla må gjerast på dei einskilde fakulteta og i fellesadministrasjonen gjennom rektor sine oppdragsbrev og einingane sine årsplanar. Handlingsplanen skal reviderast når strategien vert revidert.
Strategisk ambisjon: Utdanning og forsking for samfunns- og arbeidslivet
Mål 1: Dei profesjons- og arbeidslivsretta utdanningane våre skal dekkje framtidas kompetansebehov
Vestlandet har alltid hatt et internasjonalt orientert arbeidsliv, og når HVL utdannar til denne arbeidsmarknaden må studentane våre ha internasjonal kompetanse med seg frå utdanninga si. Ein viktig del av dette er å vere ein attraktiv og inkluderande vert for våre internasjonale studentar og ha eit stimulerande, tilgjengeleg og mangfaldig læringsmiljø.
Høgskulen på Vestlandet skal
- Samla sett tredoble studentutveksling gjennom Erasmus+, inkludert korttidsmobilitet. Fakulteta skal lage eigne måltal som støttar opp om ambisjonen og som tek omsyn til studieprogramma sine føresetnader.
- Gje alle HVL-studentar høve til å utvikle og dokumentere internasjonal kompetanse gjennom internasjonalisering heime, Certificate of International Learning, og virtuelle løysingar.
- Auke innkomande studentutveksling for å sikre betre balanse mellom ut- og innkomande utveksling.
- Utvikle fleire internasjonale studieprogram og tiltrekke oss fleire internasjonale heilgradsstudentar gjennom aktiv merkevarebygging.
- Utvikle støttesystem for internasjonale studieprogram og internasjonale fellesgrader.
- Nytte prosjekt innan Erasmus+ (KA2) til å utvikle framtidsretta utdanning og metodikk, i tråd med HVL sin profil og behova i regionen.
Mål 2: Forskinga vår held høg internasjonal kvalitet og er med på å forme samfunns- og arbeidslivet
HVL bidreg aktivt til å løyse samfunnsutfordringar ved å byggje fleire, nasjonalt og internasjonalt leiande forskingsmiljø. Ei strategisk satsing på internasjonale partnarskap som styrker forskingsmiljøa våre og faglege satsingar i fakulteta er ein viktig del av dette. Særleg viktig er det å legge til rette for systematisk satsing på deltaking i EU-programma gjennom forskingsleiing og eit fokus på arbeidsvilkår for forskarar.
Høgskulen på Vestlandet skal:
- Identifisere og vidareutvikle faglege satsingar i fakulteta som kan bli spydspissar i HVL sitt internasjonale kunnskapssamarbeid.
- Auke engasjement- og forankring for deltaking i EU-programma hos fagleg og administrativ leiing på alle nivå.
- Auke tilslag i Horisont Europa for å sikre høg kvalitet og relevans av HVL si forsking.
- Auke internasjonal vitskapleg sampublisering.
- Utnytte synergiar mellom regionale, nasjonale og internasjonale finansieringskjelder.
- Legge til rette for internasjonale forskaropphald/utveksling for tilsette og ph.d.-kandidatar.
- Styrke arbeidet med kvalitetsforbetring av arbeidsvilkåra for forskarar (Charter and Code).
Strategisk ambisjon: Ei sterk innovasjonskraft
Mål 3: Ansvarleg innovasjon pregar samhandlinga vår med samfunns- og arbeidslivet
HVL bidreg til å auke innovasjonskrafta i regionen gjennom å kople regionale samarbeidspartnarar opp mot innovasjonsmiljøa- og dei internasjonale nettverka våre. HVL skal ta ei tydeleg rolle i verdikjeda og sikre anvendt forsking av høg kvalitet. Strategiske internasjonale partnarskap vil gjere det mogeleg for HVL å arbeide meir langsiktig og effektivt for å nå måla sine. EU kjem til å ha innovasjon som ei av sine høgaste prioriteringar dei neste 10 åra, og HVL må posisjonere seg, både regionalt og internasjonalt, for å vere klar for dei moglegheitene dette gjev for berekraftig samfunnsnytte, finansiering, og profilbygging.
Høgskulen på Vestlandet skal:
- Utvikle djupe partnarskap i Europa og globalt som mogeleggjer langsiktig samarbeid i tråd med prioriteringane våre.
- Utnytte mogelegheitene i ARTEMIS-alliansen og utvide samarbeidet med alliansepartnarane, i samarbeid med dei regionale partnarane våre.
- Definere kva for nokre samfunnsoppdrag og behov i arbeidslivet HVL skal medverke til å løyse, og bygge internasjonale partnarskap som bidreg til dette arbeidet.
- Auke samarbeidet med utvalde institusjonar i Panorama-landa i tråd med dei faglege satsingane i fakulteta.
- Auke gjennomslag i innovasjonsutlysingar under Horisont Europa, Erasmus+ innovasjonsalliansar og andre eksternfinansierte innovasjonsprogram.
Mål 4: Organisasjonen vår er kjenneteikna av at vi søkjer forbetring.
Gjennom endring og forbetring i eigen organisasjon skal vi styrkje fortrinna våre til nytte for både oss sjølve og samarbeidspartnarane våre. Internasjonalt samarbeid- og erfaring er grunnleggjande for høgare utdanning, forsking og innovasjon. For å utvikle HVL og nå måla våre, må vi byggje kultur for ansvarleg internasjonalisering i heile organisasjonen.
Høgskulen på Vestlandet skal:
- Utvikle og definere internasjonale strategiske partnarskap som konsept.
- Prioritere kapasitet og kompetanse for auka søknadskvalitet og tilslag på større EU-prosjekt, og for å sikre god prosjektimplementering.
- Utvikle trygge digitale løysingar som gjer det internasjonale kunnskapssamarbeidet og den strategiske innrettinga på det betre.
- Bruke tilsettutveksling i Erasmus+ aktivt til å utvikle djupe partnarskap.
- Anerkjenne verdien av internasjonal erfaring og mobilitet i rekrutteringsprosessar.
- Utvikle HVL som ein attraktiv og inkluderande internasjonal arbeidsplass.
- Arbeide aktivt med ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid, utvikle gode rutinar for eksportkontroll og informasjonssikkerheit, og sikre trygge rammer for internasjonale samarbeidsaktiviteter.
- Utvikle ein kommunikasjonsstrategi som framhevar HVL som eit internasjonalt universitet med lokal relevans, særskilt gjennom digitale kanalar og internasjonale møteplassar.
Strategisk ambisjon: Ein ambisiøs samfunnsaktør
Mål 5: Vi er eit samskapande universitet med levande campusar som tek ei tydeleg regional rolle.
HVL utnyttar potensialet som ligg i at vi er til stades i heile regionen, og styrkjer rolla vår i den regionale utviklinga. Vi deltek på aktuelle internasjonale arenaer og bidrar til å kople på regionen i det internasjonale arbeidet vårt. HVL tar ei leiande rolle i regionale initiativ som adresserer EU sine prioriterte samfunnsutfordringar.
Høgskulen på Vestlandet skal:
- Posisjonere og synleggjere HVL som ein attraktiv samarbeidspartnar både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
- Styrke HVL sitt arbeid med politikkpåverknad, og ta ei aktiv rolle i å fremme regionale perspektiv i Europa, til dømes gjennom våre regionkontor i Brussel.
- Gjennom regionale forum og nettverk, synleggjere HVL si rolle som døropnar til internasjonalt samarbeid for lokale og regionale partnarar.
- Auke talet på eksternfinansierte prosjekt med regional relevans og deltaking av regionale partnarar.
- Utvikle praksismogelegheiter for HVL sine studentar både heime og ute.
Mål 6: Vi deler kunnskap og deltek aktivt i samfunnsdebatten.
Vi set dagsorden og formidlar kunnskap om og frå fagområda våre regionalt, nasjonalt og internasjonalt. HVL skal sikre kunnskapsoverføring frå den internasjonale kunnskapsallmenningen til regionen gjennom forskingsformidling og studentar i praksis. Gjennom solidaritet, kapasitetsbygging, og forsking på- og utdanning i berekraft, skal HVL også ta eit globalt ansvar.
Høgskulen på Vestlandet skal:
- Utvikle kapasitet og kompetanse på formidling, og synleggjere innvilga prosjekt og resultat av desse internt og eksternt slik at arbeidet vårt bidreg til samfunnet.
- Fremme forsking og utdanning som bidrar til berekraftsmåla og kapasitetsbygging i det globale sør.
- Bruke internasjonale møteplassar aktivt for å fremme fagområde der HVL er i front.
- Aktivt og strategisk delta i internasjonale institusjonelle nettverk der HVL er medlem.
- Delta aktivt i politikkutforming for internasjonalt kunnskapssamarbeid, og vere ein pådrivar for utvikling av dette feltet i sektoren.
Relevante lenker
- Retningslinjer og verktøy for ansvarlig internasjonalt kunnskapssamarbeid
- Strategi for norsk deltakelse i Horisont Europa og Det europeiske forskningsområdet
- Strategi for norsk deltakelse i Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet
- Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden
- Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter
- Panoramastrategien (2021–2027)