Klagenemnda

Klagenemnda er eit lovpålagt organ, jf. lov om universiteter og høgskoler § 5-1. Samansetting av nemnda er regulert av lova.

Mandat

Klagenemnda behandlar følgjande saker:

  • Saker som omhandlar fusk og forsøk på fusk jamfør universitets- og høgskulelova og forskrift om studium og eksamen ved HVL.
  • Skikkasaker etter innstilling frå Skikkavurderingsnemnda ved HVL
  • Saker gjeldande merknad på politiattest jamfør Universitets- og høgskulelova og forskrift om studium og eksamen ved HVL .
  • Klagesaker som gjeld reglane om klage i forskrift for graden philosophiae doctor (Ph.d) ved HVL.
  • Klager over enkeltvedtak, som til dømes klage på formelle feil under eksamen, avslag om opptak (til utdanningar som ikkje inngår i Samordna opptak), vurdering av realkompetanse.
  • Klager i samband med val av representantar og ombod ved HVL.

Klagenemnda kan prøve alle sider av saka. Nemnda er vedtaksfør når leiar eller vara for leiar og to andre medlemmer er til stades.

Vedtak i saker som medfører utestenging og bortvising grunna klanderverdig oppførsel, fusk eller forsøk på fusk, merknad på politiattest eller som følgje av skikkavurdering skal treffast med minst to tredjedels fleirtal.

Samansetting

For perioden 01.08.2019–31.08.2020:

  • Leiar: Lagdommar Beate Blom
    Vara for leiar: Sorenskrivar Håkon Rastum
  • Fagtilsett: Åshild Havnerås
    Vara for fagtilsett: Instituttleiar Heidi Bjørstad
  • Fagtilsett: Høgskulelektor Sven Olai Høyland
    Vara for fagtilsett: Jan Morten Loftesnes

For perioden 01.08.2019–31.07.2020:

  • Studentrepresentant: Maren Gullvåg Åsen
  • Studentrepresentant: Jelle Sebastian Bruun

Møteplan hausten 2019

  • Fredag 23. august (Frist: 2.8.)
  • Fredag 13. september (Frist: 23.8.)
  • Fredag 18. oktober (Frist: 27.9.)
  • Fredag 15. november (Frist: 25.10.)
  • Fredag 13. desember (Frist: 22.11.)

Kontaktpersonar

Spørsmål som gjeld klagesaker kan rettast til: