Arbeids- og kompetanseområde
Eg er professor i sjukepleie ved Master i klinisk sjukepleie, Høgskulen på Vestlandet (HVL).
UTDANNING: Eg er intensivsjukepleiar med mellomfag i filosofi, praktisk pedagogisk utdanning og mellomfag, hovudfag og doktorgrad i sjukepleievitskap.
FORSKING: Eg har initiert og leia ei rekkje studiar. Forskinga mi har hovudsakleg omhandla hygiene, kroppsleg reinsemd, sjukepleieutdanning og arbeidstilhøva i multikulturelle sjukeheimar. Studiane har vanlegvis hatt eit samfunnsvitskapleg og historisk perspektiv. Eg er med-redaktør i tidsskriftet Praxeologi og har vore fagfelle i ei rekkje tidsskrift. Dei siste 10 åra har eg vore ein del av forskingsgruppa Tjenesteforskning ved Senter for Omsorgsforskning Vest, HVL og forskingsgruppa Praxeologi ved Universitetet i Bergen (UIB). I begge forskingsmiljø arbeider ein hovudsakleg med eit samfunnsvitskapleg perspektiv på helse, sjukdom og sjukepleie.
PEDAGOGISK ERFARING: Eg har omfattande erfaring med utdanning-, vegleiing og sensurering på bachelor-, vidareutdannings-, master – og ph.d. nivå i sjukepleie.
OPPONENT/KOMMISJONSARBEID: Eg har vurdert fleire phD studiar, vore opponent og leiar for-/medlem av fleire kommisjonar som vurdert søkjarar til vitskaplege stillingar.
PASIENTNÆRE ERFARINGAR: Eg har arbeidd pasientnært i sjukeheim, heimesjukepleie, på intensiv, post operativ, akutt mottak og på Noregs fyrste smerteklinikk ved Haukeland sjukehus i Bergen.
- Skriving av praxeologiske mastergradsoppgåver
- Bourdieu sine teoriar med tilhøyrande analysestrategi, metodar og teknikkar
- Bourdieu sine teoriar med tilhøyrande analysestrategi, metodar og teknikkar
- Generell vitskapsteori/-filosofi, forskingsetikk, forskingsmetodar og -teknikkar
- Hygiene
- Kropplege vask og stell tenester
- Hygiene
- Toalettpraksisar
- Kroppsvask
- Arbeidstilhøva i multikulturelle sjukeheimar
- Sjukepleiutdanning
Publikasjonar
-
Bruk av tolk i sykepleiefaget. En praxeologisk analyse av sykepleier arkivet fra 1965-2021
-
Arkitektur og teknologi som avgrensar pleietrengjande sin tilgang til WC. Ein praxeologisk analyse av korleis konstruksjonar av private bustader og sjukeheimar strukturerer pleietrengjande sine toalettpraktikkar
-
Bør det vere meir vektlegging av praksis i sjukepleieutdanninga?
-
Video 1 om Praxeologi: Bourdieu og nokre av teoriane hans
-
Video 2 om Praxeologi: Praxeologisk vitskapsteori, ein praxeologisk analysestrategi, praxeologiske forskingsspørsmål og auto-sosioanalyse
Vis alle