Arbeids- og kompetanseområde
Meryem Førli-Ekerhovd er innovasjonsrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet. Sidan 2023 har ho arbeidd med å styrkje samspelet mellom forsking og næringsliv, med særleg vekt på utvikling og finansiering av forskings- og innovasjonsprosjekt. Ho har spisskompetanse innan tilskotsordningar og det norske verkemiddelapparatet, og har brei erfaring med å realisere prosjekt gjennom strategisk rettleiing og søknadsarbeid.
Frå hausten 2025 er ho tilknytt HVL Skape – høgskulen si strategiske satsing på innovasjon og entreprenørskap for studentar på tvers av alle campus, fakultet og studieretningar. I denne rolla har ho eit særleg engasjement for helseinnovasjon og sosialt entreprenørskap, og arbeider for å styrkje studentane si evne til å utvikle berekraftige og samfunnsnyttige løysingar. Ho er oppteken av å bidra til auka studieengasjement og entreprenøriell læring, og å utvikle HVL som ein arena der studentar får høve til å utfalde seg kreativt og nyskape på tvers av faggrenser.