Arbeids- og kompetanseområde
Stipendiat ved doktorgradsprogrammet Studiar av danning og didaktiske praksisar, og tilsett ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.
Eg forskar på det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap i relasjon til ein implementert didaktisk modell i lærarutdanninga kalla Øvingsrommet. Eit overordna spørsmål i forskinga mi er korleis demokrati og medborgarskapsundervisning vert utforska gjennom Øvingsrommet. I framgrunnen til prosjektet står lærarstudentane sine perspektiv.
Doktorgradsavhandlinga mi ber tittelen Rom for øving - Demokratisk medborgarskap mellom teori og praksis i lærarutdanninga og er tilknytt prosjektet Rehearsing Teaching Professionally (ReTPro) ved HVL. Sentrale element i Ph.D.-prosjektet mitt er bl.a. forståinga av demokratisk medborgarskap som eit danningsomgrep, lærarstudentar si forståing av reflektert øving som ein måte å utvikla medvite kring demokratisk medborgarskapsundervising, samt moglegheiter og utfordringar som oppstår i ein slik lærarutdanningspraksis. Føremålet er å bidra til innsikt i og utvikling av didaktiske praksisar i lærarutdanninga i relasjon til demokrati og medborgarskap som eit tverrfagleg tema i skolen.
PROFRES 2.0 - Nasjonal tverrfagleg og profesjonsretta forskarskole med fokus på tre område av velferdsstaten; velferd, utdanning og helse.
Publikasjonar
-
Foredrag: Demokratisk medborgerskap i lys av danningslitteratur.
-
Demokratisk medborgarskap i lys av danningslitteratur