Folkehøgskular og lærarutdanning i Sogn og Fjordane
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Handelshøgskulen HVL
Prosjekttype
Grunnforsking
Prosjektperiode
August 2019 - Desember 2021
Prosjektsamandrag
Sogndal folkehøgskule opna i januar 1871, og i høve 150-årsjubileet i januar 2021 er eit jubileumsprosjekt under arbeid i regi av folkehøgskulen. Dette prosjektet er den akademiske delen av prosjektet, som skal resultere både i ei masteroppgåve og fleire vitskaplege og populærvitskaplege artiklar. Prosjektet vil både ta føre seg tema frå historia til Sogndal folkehøgskule og tilgrensande tema i utdanningshistoria i Sogn og Fjordane, mellom anna historia til Balestrands lærerskole (1863-1880) som la eit grunnlag for skipinga av Sogndal folkehøgskule. Prosjektet er ei vidareføring av tidlegare arbeid om utdanningshistoria i Sogn og Fjordane gjennom prosjekta "Lærande regionar" og "Soga om Sogn og Fjordane". Dei tidlegare prosjekta dokumenterte at Sogn og Fjordane heilt frå andre halvdel av 1800-talet til i dag har vore fylket med størst rekruttering til læraryrket og at Sogn og Fjordane frå 1870-åra og framover satsa tungt både på styrking av folkeskulen og på vidaregåande utdanning. Dette prosjektet vil gå djupare inn i temaet.
Årbok for Sogn (utg. november 2020) vil vere eit temanummer om Sogndal folkehøgskule 150 år med fleire artiklar frå prosjektet.