Foreldresamarbeid i barnehagen før og under Corona-epidemien

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Internt prosjekt

Prosjektperiode

Mai 2020 - Juni 2021

Prosjektsamandrag

12.mars 2020 varsla den norske regjeringa, ved statsminister Erna Solberg, dei strengaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Noreg i fredstid. Den 13.mars vart alle barnehagar og skular stengt som eit tiltak mot Corona-epidemien. 07.april 2020 informerte regjeringa om at barnehagane igjen kunne opnast frå og med 20.april 2020, men med anna organisering og strengare smittevernomsyn enn tidlegare. Eitt av dei viktigaste smitteverntiltaka var å avgrense talet på nærkontakt mellom barn og vaksne (Helsedirektoratet, 2020). Faste grupper, kalla kohortar, skulle etablerast og som hovudregel skulle ein kohort ta utgangspunkt i barnehagen si gruppeinndeling og bemanningsnorma (minimum 1 tilsett per 3 barn under 3 år og minimum 1 tilsett per 6 barn over 3 år). Storleiken på kohortane kunne tilpassast lokale forhold og det var mogleg med samarbeid mellom to kohortar. Foreldre skulle, så langt som mogleg, ikkje inn i barnehagebygget. Personale frå barnet sin kohort skulle møte barnet ute om morgonen og levere barnet til foreldra ute om ettermiddagen.

I 2016 starta Utdanningsdirektoratet årlege foreldreundersøkingar i barnehagar over heile landet. Resultata har vist at foreldra totalt sett er fornøgde med barnehagetilbodet (Utdanningsdirektoratet, 2020). Dei er særskilt fornøgd med barnet sin trivsel og tryggleik på personalet. Foreldra er mindre fornøgd med personaltettleiken, informasjon og medverknad.

Forskingsspørsmål:

  1. I kva grad opplever foreldre ei positiv endring i samarbeidet (medverknad, informasjon, henting og levering) med barnehagen etter at barnehagane opna igjen etter Corona-stenging?
  2. I kva grad opplever pedagogar ei positiv endring i samarbeidet (medverknad, informasjon, henting og levering) med foreldra etter at barnehagane opna igjen etter Corona-stenging?
  3. I kva grad er det samanheng mellom foreldra sine opplevingar og pedagogane sine opplevingar?
  4. I kva grad varierer foreldre og pedagogane si oppleving basert på foreldra sin bakgrunn?

Hypotese: På grunn av at barnegruppene måtte organiserast i mindre kohortar med fast personale, og personalet måtte ha ein-til-ein kontakt med foreldra ved levering og henting, opplever foreldre og pedagogane ei betring i samarbeidet (informasjon, medverknad, levering og henting) etter at barnehagane opna igjen etter Corona-utbrotet 2020. Foreldre med minoritetsspråkleg bakgrunn som kanskje tidlegare har hatt utfordringar med kommunikasjon i ein travel levering- og hentesituasjon, opplever i større grad enn foreldre med majoritetsbakgrunn ei positiv endring i samarbeidet etter Corona-stengde barnehagar enn tidlegare.

Metode

Kvantitativt, elektronisk spørreskjema. 

Utvalet i denne studien er foreldre og pedagogar frå 630 barnehagar i Vestland fylke, der 249 deltok i den nasjonale Foreldreundersøkinga hausten 2019 (Utdanningsdirektoratet, 2018, 2019). Vi har plukka ut 12 spørsmål frå Foreldreundersøkinga som passar formålet med studien og lagt til 16 spørsmål for å tilpasse undersøkinga til denne studien. Informasjonsskrivet til foreldre og spørjeundersøkinga blir oversatt til amharisk, arabisk, engelsk, litauisk, polsk, somalisk, tigrinja og urdu. I spørjeundersøkinga til pedagogane tek me utgangspunkt i dei same spørsmåla som til foreldra, men har tilpassa dei til pedagogane sin situasjon. Vi har resultat frå foreldre som deltok i Foreldreundersøkinga i 2019, men vi har ikkje tidlegare resultat frå pedagogar. I tillegg blir styrarane bedt om å oppgi bakgrunnsinformasjon om barnehagen.

Lenke til undersøkingane vart sendt ut til styrarar/daglege leiarar i dei 630 barnehagane den 03.06.20 og 04.06.20. 

I tillegg blir styrar/dagleg leiar i kvar barnehage spurt om å fylle ut eit kort skjema om bakgrunnsinformasjon om barnehagen.