Tenester til einslege mindreårige flyktningar ved familiegjenforeining

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Anvendt forskning

Prosjektperiode

Januar 2022 - Januar 2023

Finansieringskjelder

RFV

Totalbudsjett

700000 NOK

Prosjektsamandrag

Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal,  samarbeider med Kinn kommune om eit forprosjekt som gjeld tenester til einslege mindreårige flyktningar ved familiegjenforeining. 

I åra 2015-2017 var det ein stor auke i talet på einslege mindreårige flyktningar (heretter EMF) som vart busette i norske kommunar. I same perioden har også talet på familiegjenforeningar til EMF auka kraftig. Tida kring familiegjenforening viser seg å vere særleg utfordrande for ungdommen og familien som kjem. Kommunalt tilsette opplever eit stort behov for å utvikle eit integrert tenesteapparat som kan støtte ungdommen og familien i denne situasjonen. Verken Kinn kommune eller Bergen kommune har utvikla eit slikt tilbod per no, og det ser også ut til å vere manglande i Noreg generelt. Situasjonen kring EMF og familiegjenforeining er lite utforska både i Noreg og resten av Norden. 

Forprosjektet vil utvikle kunnskap om kva behov EMF har når dei får familiegjenforeining, kva dei opplever at dei får av hjelp og støtte i denne situasjonen, samt korleis hjelpeapparatet erfarer å gi hjelp til denne gruppa. Slik søkjer ein å utforske både EMF og hjelpeapparatet sine erfaringar og løysningsforslag på ulike utfordringar på ein systematisk måte. 

Forprosjektet sine forskingsspørsmål er:

  • 1. Kva tenester er tilgjengelege for EMF ved familiegjenforeining og i kva for grad har kommunen etablert tverretatleg samarbeid for denne målgruppa? (Arbeidspakke 1)
  • 2. Kva behov for hjelp og støtte har EMF etter familiegjenforeining og korleis erfarer dei den hjelp og støtte som er tilgjengeleg i denne situasjonen? (Arbeidspakke 2, del 1)
  • 3. Kva opplever hjelpeapparatet som barrierar og suksessfaktorar for å gi god hjelp til EMF og familiane deira ved familiegjenforeining? (Arbeidspakke 2, del 2)

 

Gjennom denne kunnskapen vil forprosjektet identifisere problemstillingar som grunnlag for utvikling av eit større hovudprosjekt. Her er målet å fornye det eksisterande tenestetilbodet og styrke samhandling mellom institusjonar og sektorar som er relevante for å gi tenester til EMF og familien ved familiegjenforening. Dette vil skje gjennnom to fasar:

1) I første fase vil ein uttvikle eit vitskapleg kunnskapsgrunnlag for planlagd innovasjon. Her vil studiet frå forprosjektet bli utvida. Ein inkluderer eit større utval av informantar og gjennomfører eit komparativt casestudie mellom ein norsk og ein nordisk kommune.

2) Basert på denne kunnskapen vil forskarar, brukarrepresentantar og profesjonelle hjelparar frå ulike tenester utvikle konkrete pilotar som vert prøvd ut i dei to kommunane, med formål om å legge grunnlag for etablering av nye faste tiltak både lokalt og nasjonalt. I denne delen av prosjektet vil ein nytte forskingssirkel som samarbeidsmetode, der ein tek i bruk forskingsbasert kunnskap for konkrete innovasjonar i tenestene. Hovudprosjektet vil vere viktig for å utvikle ny vitskapleg kunnskap på eit område som hittil er lite utforska. Det vil vidare bidra å utvikle nye modellar for offentleg tenesteproduksjon som vil auke kvaliteten på dei tenestene som er tilgjengelege for EMF når dei får familiegjenforening. Prosjektet vil også bidra til ny metodisk kunnskap om forskingssirklar som samarbeidsmetodikk for implementering av forskingsbasert kunnskap.