Helsepersonell sine erfaringar med omsorg/tenester til eldre heimebuande som lever med skrøpelegheit
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Januar 2023 - Juni 2025
Prosjektsamandrag
Det blir fleire eldre, og det vil mangle helsepersonell til å ta seg av alle oppgåvene. Allereie i dag er tenestene under press, noko som kan bety at tenestene får dårlegare kvalitet.
Det er difor behov for meir kunnskap om korleis helsepersonell erfarer tenestene i dag, slik at vi kan bruke den kunnskapen til å utvikle tenestene.
Studien er kvalitativ med intervju av helsepersonell som arbeider tett med omsorg og tenester til eldre heimebuande som lever med skrøpelegheit. Desse har samansette og komplekse behov som helsepersonell tek seg av. Vi ynskjer å få kunnskap om kva desse tenker om tenestene som vert ytt i dag og korleis desse kan utviklast.
Studien vil inkludere masterstudentar på master i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i folkehelse og samhandlng ved HVL. Studentane skal samle data, analysere og skrive sine masteroppgåver.