Korleis lære sjukepleiarstudentar fagleg leiing i praksis?
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
September 2024 - Desember 2026
Prosjektsamandrag
Fagleg leiing, tenesteutvikling og innovasjon er forankra i forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanninger (2017), og i forskrift om nasjonal retningslinje for sjukepleieutdanning (2019) med eigne læringsutbytte.
Sjukepleieutdanninga ved HVL endra studieløp og innhald i tråd med RETHOS. Det blei etablert eit eige praksisemne Fagleg leiing, tenesteutvikling og innovasjon ved sjukepleieutdanninga ved HVL. Praksisemne utgjer 7.5 studiepoeng, går over 5 veker i 3. studieår. Sjukepleieutdanninga har hatt merksemd mot kva som ligg i sjukepleiar sitt ansvarsområde i å leie faget og bidra i endringsarbeid for å sikra fagleg forsvarleg helseteneste.
Haust 2024 er det tredje årskullet som gjennomfører praksisemne SYK360P. Ein ynskjer difor å samle erfaringskunnskap om læring i fagleg leiing gjennom praksisemnet. Prosjektet vil ha merksemd på studentane sine erfaringar og refleksjonar etter gjennomført praksisstudiet SYK360.
Meld.St.9, Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024 – 2017 viser til at mangel på helsepersonell eir ein av dei største utfordringane som helse – og sosialtenesta står overfor. NOU 2023: 4 Tid for handling. Personellet i en bærekraftig helse – og omsorgtjeneste, viser òg til denne utfordringa og trekkjer fram oppgåvedeling som eit muleg svar på korleis ein kan yte forsvarlege helsetenester, samtidig som det er for lite fagutdanna helsepersonell. Helsepersonellkommisjonen er gjennom NOU-arbeidet klar på at skal endringar med oppgåvedeling lukkast, må leiing av helsetenestene både ha kunnskap og kompetanse på endringsarbeid og at det vert gjennomført systematisk. Krav til sjukepleiar sin kompetanse på områda fagleg leiing, tenesteutvikling og innovasjon vil såleis truleg bli tydelegare i åra framover. Sjukepleiestudentar får gjennom SYKS360P/SYKH360P Fagleg leiing, tenesteutvikling og innovasjon, erfare at praksis no er i endringsprosessar med sjukepleiarar i stab, teamleiing, oppgåvedeling og turnusendringar. Her kan studentane innhente nyttig erfaring, læring og forståing.
Emneplanen til praksisemne SYK360P skal gi studentane innsikt i å kunne kritisk vurdere, prioritere og grunngje sjukepleie- og organisatoriske tiltak både på individ- og systemnivå. Viser til Emneplan, HVL, 2024/ 2025.
Kyllingstad & Kristoffersen (2022) viser til realitetssjokket som nyutdanna sjukepleiarar kjenner på. Dei hevder at realitetssjokket er knytt til avstand mellom ideala og forventningar som ein gjennom utdanninga får og den realiteten som ein møter ute i praksis. Og at nyutdanna erfarer forvirring over eigne kvalifikasjonen, der ein enten erfarer at ein får ansvar og må ta avgjerder omkring, som ein ikkje har kompetanse på, eller at ein får oppgåver som ein kjenner seg overkvalifisert til.
Bjerkvik, Tschudi-Madsen & Valeberg (2022) sin studie på nyutdanna sjukepleiarar sine erfaringar med oppstart i yrket. Dei finn at nyutdanna opplever å glede seg til å starte sjukepleiefaget, samtidig som ein gruar seg då ein er usikker på det faglege ansvaret, og vera den som skal ta avgjerder.
Ein systematisk oversiktsartikkel (Scammell et al., 2020) undersøkte korleis sjukepleiestudentar vart førebudd til fagleg leiing i praksis, viste bruk av ulike pedagogiske metodar og ulik integrasjon gjennom studieforløpet. Studien understreka at godt samarbeid mellom akademia og praksis er viktig for å sikre god kvalitet på klinisk vegleiing.