Erfaringar med kurset ‘5 grep for økt Hverdagsglede®’
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for velferd og deltaking
Prosjekttype
Grunnforskning
Prosjektperiode
August 2024 - Desember 2025
Prosjektsamandrag
To artiklar skal skrivast ut i frå ein monografi:
Samandrag
Bakgrunn: Velferdsstaten er trua av demografiske endringar, stort arbeidsfråvær, ikkje-smittsame sjukdomar og sosiale helseforskjellar. Fremjing av livskvalitet kan bidra til å nedkjempe desse utfordingane, og kvardagsgledekurset er ein intervensjon med fokus på fem aktive handlingsområde for betre livskvalitet gjennom grepa; å vere oppmerksam, å vere aktiv, fortsett å lære, å knyte band og å gi. Det er til no lite kunnskap om opplevingane og erfaringane tidlegare deltakarar har med kvardagsgledekurset og kva verknadar det har på livet.Føremålet med dette studiet er å undersøke tidlegare deltakarar sine opplevingar og erfaringar med føljande problemstilling; Korleis opplevde deltakarane å delta på kvardagsgledekurset, og korleis erfarer dei at kurset har påverka kvardagen i etterkant?Metode: Det blei gjennomført fem semistrukturerte intervju med tidlegare deltakarar på kvardagsgledekurset ved tre ulike frisklivssentralar hausten 2022. Systematisk tekstkondensering blei brukt til analyse av data.Resultat: Funna er presentert i fire resultatkategoriar; «Legge merke til det som skjer her og no», «Puff til handling», «Samspel og deling gir inspirasjon og oppmuntring til å ta grep» og «Ein døropnar til fysisk aktivitet i lag med andre».Konklusjon: Ved å delta på kvardagsgledekurset opplevde deltakarane betring i mange dimensjonar av livskvalitet gjeldande både positive følelsar, god funksjon og ei generell livstilfredsheit. Deltakarane tok grep for å betre livskvaliteten trass sjukdom og langvarige plagar, ved hjelp av indre motivasjon og ytre stimuli, puff, gjennom kurset. Deltakarane har erfart at endringane påverka kvardagen deira seks til tolv månadar i etterkant. Denne kunnskapen styrkar evidensgrunnlaget til kvardagsglede, og er av betydning i revideringsarbeidet av kurset. Eit kurskonsept som kvardagsgledekurset kan vere eit viktig bidrag i den nasjonale satsinga på helsefremjande arbeid for å auke livskvaliteten i befolkninga, og redusere sosiale ulikheiter i livskvalitet.
Metode
Kvalitativt intervju