VEGFORSK

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Anvendt forskning

Prosjektperiode

August 2025 - Juli 2027

Finansieringskjelder

HVE

Prosjektsamandrag

VEGFORSK er eit prosjekt i samarbeid mellom lærarutdanningsbarnehagen Stedje barnehage og HVL. Prosjektet skal bidra til (1) rekruttering til barnehagen, (2) legge til rette for at eksisterande arbeidstakarar får den støtta og rettleiinga dei treng for å ønske og bli i jobben og (3) styrke BLU gjennom kopling av praksis og profesjon. «VEGFORSK» tek utgangspunkt i Stedje barnehage sin visjon: «Stedje barnehage – alltid på veg.» Målet til barnehagen er å alltid vere i utvikling på alle område, alltid vere «på veg». Det handlar om å sjå høver og ikkje hindringar for å utvikle ressursane i personalgruppa. I VEGFORSK byggjer vi vidare på visjonen både i høve utviklingsarbeid, forsking og prosessane på vegen til målet. Hovudproblemstillinga i prosjektet er: «Korleis kan verkstadsmetoden bidra til å støtte og rettleie barnehagetilsette i deira kvardagsutfordringar?»