Kven kan bli sjukepleiarar? Analysar av tvilsmeldingar og studentperspektiv frå norske sjukepleiarutdanningar
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Doktorgradsprosjekt
Prosjektperiode
Januar 2026 - Desember 2031
Finansieringskjelder
HVL
Prosjektsamandrag
Prosjektsamandrag
Skikkaheitsvurdering er ei fagleg og etisk vurdering av om ein student har dei nødvendige føresetnadene for å kunne utøve yrket på ein forsvarleg måte. Dette prosjektet undersøker meldingar om tvil om skikkaheit i norske sjukepleiarutdanningar dei siste 10 åra.
Målet er å kartleggje og analysere meldingane for å forstå kva som kjenneteiknar dei, og å utforske korleis studentar opplever skikkaheit og dei områda kartlegging av tvilsmeldingar identifiserer som særleg kritiske.
Prosjektet vil produsere ny kunnskap om kva som karakteriserer meldingar om tvil om skikkaheit og korleis studentar held seg til dette i sitt utdanningsløp. Dette vil gi verdifull innsikt for å forstå utfordringane og utvikle kvaliteten i sjukepleiarutdanningane for sikre at framtidige sjukepleiarar er godt skikka til yrket.
Personverninformasjon
Prosjektet behandlar anonymiserte tvilsmeldingar om sjukepleiarstudentar innhenta frå dei 13 norske utdanningsinstitusjonane som tilbyr sjukepleiarutdanning. Meldingane kan innehalde opplysningar om åtferd, kommunikasjon og hendingar i praksis, og kan indirekte identifisere studentar trass i anonymisering. Det kan òg førekomme helseopplysningar og opplysningar om etnisitet.
Behandlinga er heimla i GDPR artikkel 6(1)(e) og 9(2)(j), jf. personopplysningslova §§ 8 og 9, som forsking i allmennheitens interesse. Kunnskapsdepartementet har gjeve dispensasjon frå teieplikta etter forvaltningslova § 13 d (ref.: 26/1004-). Prosjektet er vurdert av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør (ref.: 551197).
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er behandlingsansvarleg. Data vert lagra på HVL sin sikra forskingsserver og sletta ved prosjektslutt, seinast 31.12.2031. Berre prosjektmedlemmar ved HVL har tilgang. I utgangspunktet har registrerte deltakarar rett til innsyn, retting, sletting, avgrensing og protest etter GDPR artikkel 15–18 og 21. Ettersom materialet er anonymisert før prosjektet får tilgang, er individuell varsling ikkje mogleg, jf. GDPR artikkel 14 nr. 5 bokstav b.
Førespurnader kan rettast til prosjektansvarleg Cathrine Selsvold Natterøy ved HVL eller til HVL sitt personvernombod.