Studentdreven kvarandrerettleiing på skriftleg, individuell heimeeksamen

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Anvendt forskning

Pedagogisk utviklingsarbeid

Prosjektperiode

Juni 2025 - Desember 2026

Prosjektsamandrag

Prosjektet tek sikte på gi eit empirisk grunnlag for å vurdere digital kvarandrerettleiing som alternativ til lærarbasert veiledning i høgare utdanning. Integrasjon av sensorguide, sjekklister og evidensbaserte prinsipp framstår som ein lovande modell veiledning på på skriftlege, individuelle heimeeksamenar. Basert på dette har prosjektet mål om å vidareutvikle og prøve ut ein evidensbasert modell for digital, parvis kvarandrerettleiing som obligatorisk læringsaktivitet. Tiltaket vart implementert i emnet «Vernepleierfagleg arbeid mellom individ og system» (15 studiepoeng) ved Høgskulen på Vestlandet, med to studentgrupper (Campus Sogndal, n=40; Campus Bergen, n=53). I dette emnet får studentane utdelt ein case ved emnestart som dannar grunnlag for eksamensoppgåva og undervisinga. Prosjektet undersøker korleis tre strukturerte veiledningsøkter påverkar studentane si oppleving av læringsprosessen, og korleis støttestrukturar som sjekklister og innleiande undervising vert erfart. Tiltaket inkluderer tre obligatoriske veiledningsøkter à 165 minutt, gjennomført i Zoom med breakout rooms. Kvar økt er knytt til ulike delar av eksamensoppgåva og har aukande kompleksitet. Studentane leverer skriftleg underlag til partneren før kvar økt og gjennomfører rettleiing basert på sjekklister utvikla av lærarane. Sjekklistene består av kontrollspørsmål for førebuing og eit rammeverk for sjølve rettleiinga, inspirert av «ask-tell-ask»-metoden (Jug et al., 2019). Innleiande undervising (3 timar) klargjer mål, sensorguide og faktorar som fremjar eller hemmar veiledning, og legg til rette for studentmedverknad i utvikling av sjekkliste 1. Metodisk tilnærming er ein mixed-methods konvergent design (Fetters et al., 2013), med parallell innsamling av kvantitative og kvalitative data etter kvar veiledningsøkt. Spørjeundersøkinga (SurveyXact) består av lukka Likert-spørsmål og opne fritekstfelt, og innhentar data om opplevingar av veiledningsprosedyren, sjekklister og undervising. Kvantitative data vert analyserte deskriptivt, medan kvalitative data vert analyserte tematisk med ein abduktiv tilnærming. Kvantitative og kvalitative funn vert integrerte i ei resultatmatrise og kategoriserte som stadfesting, utviding eller motseiing av kvantitative data. Etiske omsyn: Prosjektet er meldt til og godkjent av SIKT. Studentane vart informerte om frivillighet, rett til tilbaketrekking og sletting av data, samt handtering av personopplysningar i tråd med institusjonelle retningslinjer. Resultatet av prosjektet er tenkt formidla som vitenskapleg publikasjon. Kunnskap generert av prosjektet skal nyttast til utvikling av fagdidaktisk modul i universitetspedagogikk.