Historiefaget mellom danning og didaktiske praksisar

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Grunnforskning

Prosjektperiode

August 2015 - Oktober 2017

Prosjektsamandrag

Prosjektet set fokus på danningsdimensjonane ved historiefaget i skulen – slik dette kjem til uttrykk i læreplanverket - og utfordringane knytt til den didaktiske praksisen der desse intensjonane skal bli realisert. Prosjektet har som styrande premiss at dersom overordna målsetjingar om danning skal kunne realiserast i den didaktiske praksisen, bør fagdidaktikken i større grad koplast til spesifikke historiske tematikkar, konkrete kompetansemål, taksonomi og progresjon. For å få til det er det også naudsynt med undervisningsmateriell der didaktikken er ein integrert del av den historiefaglege undervisinga.