Fair play i kroppsøvingsfaget
Prosjekteigar
Inst. for idrett, kosthald og naturfag, Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Faglig utviklingsarbeid
Prosjektperiode
Oktober 2015 - Januar 2018
Prosjektsamandrag
Prosjektet starta hausten 2015 og tar utgangspunkt i at fair play som omgrep fekk ein styrka posisjon i revidert læreplan i kroppsøving frå august 2012 (Utdanningsdirektoratet, 2012). I lys av Ludvigsen-utvalet (NOU 2015:8, 2015) si vektlegging av behov for å styrke sosiale og emosjonelle kompetansar vil fair play gjennom kroppsøving kunne vere eit viktig bidrag til framtidas skule. Det kan òg hevdast at idretten sjølv har hatt eit auka fokus på fair play dei siste åra, der mellom anna Norges fotballforbund og Norsk Tipping samarbeider (Håvik, 2009).
Sjølve omgrepet fair play dukka opp i den engelske sporten på 1800-tallet, men både Loland (2015) og Sæle (2013) knytter forståinga av omgrepet til Aristoteles og hans rettferdprinsipp. Breivik (2009) presiserer at fair play opprinneleg handla om noko meir enn likskap og rettferd. I den engelske sporten var det viktig å syne «sportmanship». Idrett skulle verke dannande og utvikle karakteren til menneska, og fair play tok form i ljos av dydar som mot, generøsitet, samarbeid, uthald og vilje.
I denne tradisjonen plasserer Utdanningsdirektoratet (2013) kroppsøving når dei nyttar omgrep som sunne verdiar, respekt for kvarandre, felles reglar og samhandling for å beskrive kva fair play kan vere. Men kva betyr dette i praksis i kroppsøving og undervising. Korleis kan ein arbeide i kroppsøving for å fremme fair play blant elevane? Skal ein forstå Fair play annleis i kroppsøving enn i idrett?1 Sjølv om fair play er eit velkjent omgrep i idrett er det lite kunnskap, og ingen empirisk forsking frå norsk skule, om korleis fair play blir tolka og arbeidd med i kroppsøvingskontekst.
Ut frå dette er formålet med prosjektet å utforske fair play i kroppsøving og belyse korleis lærarar i kroppsøving og kroppsøvingslærarstudentar forstår omgrepet. Vi ynskjer mellom anna å sjå på kva refleksjonar lærarar og studentar har til koplinga fair play og læringsmiljø, korleis dei eventuelt arbeider med fair play og om det er nokon aktivitetar i kroppsøvingsfaget der fair play er meir aktuelt enn andre. Interessant er det også om dei oppfattar fair play i kroppsøving på andre måtar enn i idrett. Dette kan då gjelde både tekniske og sosialetiske aspekt.
Med bakgrunn i at det generelt i Norge er minimalt med forskingsbasert kunnskap om kroppsøving på trinn 1-7 (Jonskås, 2010), blei det bestemt å intervjue lærarar som underviser i kroppsøving på trinn 5-7. Vidare valde vi altså å inkludere både lærarar og studentar ut frå ei antaking om at dei to perspektiva vil kunne utdjupe kvarandre og skaffe eit rikare datagrunnlag.