Fair play i kroppsøvingsfaget

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for idrett, kosthald og naturfag

Prosjekttype

Faglig utviklingsarbeid

Prosjektperiode

Oktober 2015 - Januar 2018

Prosjektsamandrag

Prosjektet starta hausten 2015 og tar utgangspunkt i at fair play som omgrep fekk ein styrka posisjon i revidert læreplan i kroppsøving frå august 2012 (Utdanningsdirektoratet, 2012). I lys av Ludvigsen-utvalet (NOU 2015:8, 2015) si vektlegging av behov for å styrke sosiale og emosjonelle kompetansar vil fair play gjennom kroppsøving kunne vere eit viktig bidrag til framtidas skule. Det kan òg hevdast at idretten sjølv har hatt eit auka fokus på fair play dei siste åra, der mellom anna Norges fotballforbund og Norsk Tipping samarbeider (Håvik, 2009).

 

Sjølve omgrepet fair play dukka opp i den engelske sporten på 1800-tallet, men både Loland (2015) og Sæle (2013) knytter forståinga av omgrepet til Aristoteles og hans rettferdprinsipp. Breivik (2009) presiserer at fair play opprinneleg handla om noko meir enn likskap og rettferd. I den engelske sporten var det viktig å syne «sportmanship». Idrett skulle verke dannande og utvikle karakteren til menneska, og fair play tok form i ljos av dydar som mot, generøsitet, samarbeid, uthald og vilje.

 

I denne tradisjonen plasserer Utdanningsdirektoratet (2013) kroppsøving når dei nyttar omgrep som sunne verdiar, respekt for kvarandre, felles reglar og samhandling for å beskrive kva fair play kan vere. Men kva betyr dette i praksis i kroppsøving og undervising. Korleis kan ein arbeide i kroppsøving for å fremme fair play blant elevane? Skal ein forstå Fair play annleis i kroppsøving enn i idrett?1 Sjølv om fair play er eit velkjent omgrep i idrett er det lite kunnskap, og ingen empirisk forsking frå norsk skule, om korleis fair play blir tolka og arbeidd med i kroppsøvingskontekst.

 

Ut frå dette er formålet med prosjektet å utforske fair play i kroppsøving og belyse korleis lærarar i kroppsøving og kroppsøvingslærarstudentar forstår omgrepet. Vi ynskjer mellom anna å sjå på kva refleksjonar lærarar og studentar har til koplinga fair play og læringsmiljø, korleis dei eventuelt arbeider med fair play og om det er nokon aktivitetar i kroppsøvingsfaget der fair play er meir aktuelt enn andre. Interessant er det også om dei oppfattar fair play i kroppsøving på andre måtar enn i idrett. Dette kan då gjelde både tekniske og sosialetiske aspekt.

 

Med bakgrunn i at det generelt i Norge er minimalt med forskingsbasert kunnskap om kroppsøving på trinn 1-7 (Jonskås, 2010), blei det bestemt å intervjue lærarar som underviser i kroppsøving på trinn 5-7. Vidare valde vi altså å inkludere både lærarar og studentar ut frå ei antaking om at dei to perspektiva vil kunne utdjupe kvarandre og skaffe eit rikare datagrunnlag.

 

 

 

 

Metode

Metode for datainnsamling blant lærarar er gruppeintervju (Kvale og Brinkmann, 2015) med minst to kroppsøvingslærarar i kvar gruppe. Utvalet omfattar totalt 18-20 lærarar. Dialogen under intervjua tar utgangspunkt i informantane sin praksiskvardag og deira eigne erfaringar med fair play som del av faget. Vi er opptatt av lærarane si konseptualisering av fair play i kroppsøvingsfagleg kvardagspraksis, korleis dei arbeider med elevane og kva fair play kan bety for fagleg utvikling og læringsmiljø.

 

Metode for datainnsamling blant lærarstudentar er fokusgruppeintervju (Kamberelis og Dimitriadis, 2013; Kvale og Brinkmann, 2015). Fokusgrupper er vald her fordi vi ikkje kan forvente at studentar har erfaringar å snakke ut frå i same grad som lærarane har det. Det er rekruttert totalt 19 studentar med fagdidaktikk kroppsøving ved praktisk-pedagogisk-utdanning til fire fokusgrupper. Gjennom fokusgruppeintervjua kan vi som utdanningsinstitusjon kanskje også få ein peikepinn på om vi har nok fokus retta mot tematikken fair play i utdanninga vår?

 

Datainnsamling for prosjektet ble fullført mai 2016. Fortolking og analyse vil vere forankra i ein hermeneutisk forskingstradisjon.