Barns språk. Språk- og dialektkontakt i den moderne barnehagen

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Grunnforsking

Prosjektperiode

Desember 2016 - Mai 2018

Prosjektsamandrag

Forskargruppa Barns språk arbeider med å skaffe kunnskap om barns språkutvikling i barnehagen, med særleg vekt på to- og fleirspråkleg utvikling og på kva som skjer i møtet mellom dialektar. Vi søker å gje barnehagefeltet ny kunnskap om korleis dei moderne barnehagane, med mykje språk- og dialektkontakt, kan sjå ut språkleg, kva for språklege utfordringar ein kan møte og korleis ein best kan arbeide for å gje barna i barnehagane ei god språkutvikling. I forskargruppa er førsteamanuensis Randi Neteland som arbeider med språktileigning og sosiolingvistikk, førsteamanuensis Edit Bugge som arbeider med språksosialisering og fleirspråklegheit, høgskolelektor Dagmar Cejka som arbeider med kartlegging og fleirspråklege perspektiv og førsteamanuensis Magnhild Selås (leiar) som arbeider med språktileigning, språkkartlegging og barn med spesielle behov. Ekstern medlem er førsteamanuensis Ann-Kristin Helland Gujord, UiB, som arbeider med norsk som andrespråk. Deltakarane har solid erfaring med utdanning og forsking på tileigning av norsk både som første- og andrespråk.