Recoverykurs og recoveryutdanning
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet, Institutt for helse- og omsorgsvitskap
Prosjekttype
Faglig utviklingsarbeid
Prosjektperiode
April 2017 - Mars 2020
Prosjektsamandrag
Bakgrunn for prosjektet
Pasientar og brukarar som lever med psykiske helseproblem seier at det er avgjerande å ha ei kjensle av å ha kontroll på eige liv, eller vera "skipper i eiga skute". i fleire andre land har dei utvikla kurs og utdanningsopplegg med grunnlag i "Recovery" som erstatning for eller supplement til eksisterande helsetenester. Kurs og utdanningsopplegg blir utvikla av fagpersonar og personar med eigenerfaring, og har vist seg å ha svært god recovery-effekt for kursdeltakarar.
Beskrivelse av gjennomføring og metode for prosjektet
Det er oppretta ei prosjektgruppe med to fagfolk og tre erfaringsmedarbeidarar som har starta planlegging av kurspakke og utdanningsforløp. Det er samla materiale frå tilsvarande kurs i England, og noko av dette er oversett til norsk, og er klart til å prøvast ut. Dersom me får midlar frå Extrastiftinga skal det opprettast eit kursleiarteam med to fagpersonar og to-fire erfaringsmedarbeiarar. Dei skal delta i ein kursutviklnigsprosess der materiale som til no er oversett blir prøvd ut og tilpassa til lokale forhold. Det skal også jobbast vidare med å prøve ut andre "verktøy" som kan nyttast i kursa. I desse prosessane vil dei få støtte frå eit "følgjeteam" som les litteratur og kjem med forslag til ulike pedagogiske verkemiddal som kan prøvast ut og tilpassast dei aktuelle kursdeltakaranane. Gruppa vil også få hjelp til systematisk evaluering av det som blir prøvd ut.