Frå læreplanmål til læringsmål - Lærarens operasjonalisering av nasjonale læreplanmål i undervisninga i samfunnsfag

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Grunnforskning

Prosjektperiode

August 2015 - Juni 2021

Prosjektsamandrag

Læreplanverket (Kunnskapsløftet LK06 og L20) gir klare forventningar om at det skal drivast eit lokalt læreplanarbeid på alle nivå; hos den enkelte lærar, i skulane som organisasjonar og hos skuleeigar (kommunar og fylkeskommunar). Ei slik forventning om at læreplanar må fortolkast i ulike ledd er ikkje ny, men to forhold ved LK06 reiser nye problemstillingar ved det lokale læreplanarbeider. For det første er læreplanverket, til forskjell frå tidlegare planar, målstyrt, og det blir forventa at lokalt læreplanar også skal ha definerte læringsmål som utgangspunkt. For det andre baserer læreplanverket seg på stor grad av metodefridom. Læreplanverket definerer i liten grad korleis eleven skal oppnå den ønska kompetansen. Det betyr at operasjonaliseringa av læringsmåla i større grad enn tidlegare blir overlatt til dei som skal omsetja læreplanen til praksis, det vil i siste instans seie lærarane. Gjennom studiar av implementering av L97 og LK06 veit vi ein del om korleis lærarane oppfattar læreplanen og korleis dei vurderer tilhøvet mellom læreplan og eigen praksis, men kunnskapen om dette er i liten grad relatert til ulike fag. Til dømes framstår kunnskapen om læreplanarbeid i samfunnsfag som spreidd og vanskeleg tilgjengeleg, og vi veit lite om kva slags faglege vurderingar lærarane gjer seg gjennom arbeidet med dei lokale læreplanane og kva slags praksis dette impliserer. 

Det overordna spørsmålet er difor: på kva måte forvaltar lærarane dei faglege intensjonane som er nedfelt i den nasjonale læreplanen i samfunnsfag og kva slags faktorar som styrer lærarens val.

Metode

- Analyse av styringsdokument

- Fokusgruppeintervju og djupneintervju med samfunnsfaglærarar