Kvalitet på helsetenester, arbeidsmiljø og jobbtilfredsheit i eit helseføretak

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

November 2007 - August 2021

Prosjektsamandrag

Bakgrunn

I 2007 vart organisatoriske forhold, kvalitet på helsetenester og jobbtilfredsheit kartlagt hjå pleiepersonell ved fire indremedisinske sengepostar i Helse Førde. Studien vart  gjentatt i desember 2017, der også legar og studentar vart inkludert.

Det er viktig å måle kvalitet på helsetenester, arbeidsmiljø og jobbtilfredsheit i helsevesenet. Så vidt vi kjenner, til er det ikkje studiar som har undersøkt desse faktorane over tid. Slik kunnskap er viktig for å spegle viktige faktorar i høve til tidstrendar. Det er også nyttig å få informasjon om korleis ulike profesjonar samhandlar.

Forskingsspørsmål

  1. Har kvalitet på helsetenester, arbeidsmiljø og jobbtilfredsheit blitt endra frå 2007 til 2017?

  2. Korleis vurderer legar og studentar kvalitet på helsetenester, arbeidsmiljø og jobbtilfredsheit i 2017?

Metode

Forskingsspørsmål 1 er ein prospektiv studie frå 2007 til 2017. Eit tverrsnittdesign vert nytta for å undersøkje forskingsspørsmål 2.

Følgjande spørjeskjema er nytta:

  • The Ward Organisational Features Scales (WOFS)

  • Kvalitet på helsetenester

  • Job Satisfaction Scale (JSS)

Personvernombudet for forskning, NSD- Norsk senter for forskningsdata: ref.nr.: 56526.