Sjukepleiestudenten forskar i sjukeheim

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

August 2015 - Juni 2018

Prosjektsamandrag

Forskings- og utviklingsarbeid saman med erfarne forskarar og sjukepleiarar i praksis, kan leggje til rette for utvikling og bruk av ny kunnskap. Dette kan gjere terskelen lågare for å søke etter og ta i bruk forsking i arbeidslivet. Å få til dette er utfordrande. Tett samarbeid med praksisfeltet i fylket gjer det mogleg i praksisperiodar i utdanninga.

 

Måla med prosjektet er å:

  • utvikle ein metode for å involvere sjukepleiestudentar i forsking.
  • kartlegge ADL (aktivitetar i dagleglivet) hjå bebuarar i sjukeheim ved å inkludere studentar.
  • utvikle nyttig kunnskap om eldre i sjukeheim.

Som eksempel på korleis sjukepleiestudentar kan involverast i forsking vel vi sjukeheimen som forskingsarena, medan studentane har praksisperiode.

ADL – aktivitetar i dagleglivet

I dagens eldreomsorg er ein oppteken av korleis bebuarane fungerer i det daglege, trass sjukdom og helsesvikt. Kartlegging av korleis dei fungerer i dagleglivet er difor sentralt. Det fins fleire måtar å kartlegge dette på. Vi har valt Barthels indeks i denne studien. Barthels indeks er eit skjema med ti spørsmål som kartlegg eting, bading, personleg hygiene, påkledning, blære- og tarmfunskjon, toalettbesøk, forflytning, mobilitet og trappegang.

Metode

Studentane skal i samråd med praksislærar og kontaktsjukepleiar utføre kartlegging av ADL hjå bebuarar i sjukeheim.

I tillegg blir studentane intervjua om sine erfaringar med å delta i forsking. Gjennom fokusgruppeintervju kartlegg vi studentane sine erfaringar.