Hemmande og fremmande faktorar ved rettleiing - kontekstuelle vilkår og sjukepleiarar sine erfaringar med rettleiing av sjukepleiarstudentar i tverrprofesjonell gruppe
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Grunnforsking
Prosjektperiode
August 2019 - Juni 2020
Prosjektsamandrag
Sjukepleiarstudentar og legestudentar har sidan 2014 delteke i ein tverrprofesjonell praksismodell (TPS) ved indremedisinske sengepostar ved Førde sentralsjukehus. Det er registrert varierande engasjement hjå sjukepleiarane i å rettleie sine profesjonsstudentar på TPS-dagar. Å ha kjennskap til hemmande og fremmande faktorar knytt til rettleiing er viktig, for å kunne legge til rette for ei god gjennomføring eller for å revidere organiseringa. Føremålet med studien er å forstå ulike faktorar ved implementeringsprosessar, og kva som er avgjerande for korleis og kvifor denne vert vellykka eller ikkje.
Metode
Sjukepleiarar, som har vore rettleiarar i TPS, er informantar i fokusgruppeintervju. Det vert nytta semi-strukturert intervjuguide, der data vert samla inn ved to- tre fokusgruppeintervju haust 2019. Intervjua vert tatt opp på lydband. Analysen vert utført i tråd med kvalitativ forskingsmetode. Teksten vert koda, kategorisert og understøtta med døme frå informantane.