Studiekvalitet – uønska hendingar i praksis

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Grunnforskning

Prosjektperiode

Mars 2019 - Juni 2021

Prosjektsamandrag

Oppslag i media og studentar sine meldingar om uønska hendingar i praksis har synt at det er behov for meir kunnskap om oppfølging av dette under studiet.

 

I Noreg la regjeringa i 2005 fram ein tiårsplan der strategiar og rammeverk skulle bidra til å støtte arbeidet med å skape tenester med kvalitet (NOU 2015:11). Nasjonal pasientsikkerhetskamapanje vart sett i verk i 2011-2013 og hadde som hensikt å ha fokus på gode strukturar for pasientsikkerheit, mindre pasientskadar og ein betre pasientsikkerhetskultur (Meld. St.11 (2014-2015)). Etter denne kampanjen kom det som vi i dag kjenner som pasientsikkerhetsprogramet, «I trygge hender 24/7, 2014-2018”» (Helsedirektoratet 2017).

Studentar på bachelorutdanninga i sjukepleie melder likevel frå om fleire sjølvopplevde uønska hendingar i løpet av sine praksisperiodar.

Metode

Bachelorstudentar ved campus Førde har i emne SK159 pr i dag ei arbeidskrav der dei skal beskrive ei sjølvopplevd uønska hending frå praksis. Ved å nytte SurveyXact, kan ein systematisere tekstane. I ein tekstanalyse kan ein undersøke temaet uønska hending. Slik vil ein kunne få fram faglege samanhengar knytt til studenten sin kontekst. I SurveyXact vil studenten kunne gje samtykke til å bli kontakta for eit djupneintervju. Resultat av tekstanalysen vil avgjere kor mange intervju det er behov for.