Folkehelse

Å fremje folkehelse handlar om å leggja til rette for gode levekår og ein sunn livsstil, fellesskap og tryggleik, og meistring av liv og deltaking. HVL skal vera pådrivar og inspirasjonskjelde for å drive folkehelsearbeid på tvers av alle økonomiske og kulturelle forhold. Sunn aldring og fysisk og sosial deltaking i kvardagsliv, fritid og arbeid er sentralt for berekraftig folkehelse.

Samarbeidspartnarar

HVL samarbeider tett med helseinstitusjonar og sjukehus for å skape arenaer for forsking og utdanning, gjennom praksis og medverknad. Her finn du informasjon om nokre av våre utvalde samarbeidspartnarar.

ALREK Health Cluster

ALREK Health Cluster skapar innovative helse- og omsorgsløysingar ved hjelp av forsking og utdanning, praksisarenaer og tverrfagleg samarbeid. ALREK er ei framoverlent klynge med solid forankring i helsefagmiljøet i bergensområdet. HVL er ein av partnarane i helseklynga, og Senter for omsorgsforsking, vest og E-helsearena ved HVL samarbeider spesielt tett med helseklynga.

Helse Bergen – Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus (HUS) er det største sjukehuset på Vestlandet, og det nest største sjukehuset i Noreg når det gjeld forskingsproduksjon. Hovudmålet for forskinga som vert drive ved Haukeland universitetssjukehus er å gje effektiv og høgkvalitets helsehjelp på ein trygg måte, og følgjeleg har universitetssjukehuset som mål å drive og leggje til rette for relevant og høgkvalitets klinisk og translasjonsforsking. HVL sitt samarbeid med HUS omfattar både utdanningspraksis og forsking. HVL møter HUS to gonger i året på eit samarbeidsforum. Dette forumet skal bidra til utdanning og forskingsutvikling på eit tilstrekkeleg nivå og av høg kvalitet, i samsvar med HVL sine overordna strategiar og prioriteringar.

Helse Fonna

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak, med tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda. I tillegg til pasientbehandling er utdanning, forsking og opplæring viktige område for Helse Fonna. HVL samarbeider tett med Helse Fonna om praksis og læringsutbyte innanfor sjukepleiarutdanninga både ved campus Haugesund og campus Stord.

Helse Førde

Helse Førde er det offentlege helsevesenet i Sogn og Fjordane. Helse Førde legg til rette for utdanning og kompetanseheving på alle nivå, og satsar systematisk på å utvikle gode arenaer for utdanning og praksis. HVL samarbeider tett med Helse Førde om praksis og læringsutbyte innanfor sjukepleiarutdanninga ved campus Førde.

Helse i Hardanger

Helse i Hardanger er tverrfagleg og legg til rette for at pasientar med kroniske helseplager skal få høgkompetent hjelp til å formulere behandlingsmål og ta del i eigen helseendringsprosjekt i alle ledd.

Eksempel på satsingar og samarbeid

bilde av iNET er et internasjonalt nettverk for å forbedre overflytting av eldre voksne mellom akuttavdelinger og lokalsamfunn

iNET er et internasjonalt nettverk for å forbedre overflytting av eldre voksne mellom akuttavdelinger og lokalsamfunn

iNet vil arbeide for å styrke samarbeidet mellom akademia og offentlig sektor, og øke kvaliteten på utdanning og helsetjenesteforskning i både Canada og Norge.

bilde av Avanserte nanomaterialer for ren energi og helseapplikasjoner (ANCEHA)

Avanserte nanomaterialer for ren energi og helseapplikasjoner (ANCEHA)

Forskningsgruppen ANCEHA forsker på solcelleapplikasjoner, hydrogen, energilagring, biomedisinske applikasjoner, energipolitikk og ledelse.

Vil du samarbeide med oss? Ta kontakt med oss for samarbeid.