Forklaring og inspirasjon

I desse videoane finn du forklaringar på ein del grep og verktøy til naturvitskaplege samtalar med barn, døme på korleis de kan oppdage naturvitskaplege emne overalt, og samtalar med barn til analyse og inspirasjon.

Naturvitskap overalt

I desse videoane finn du døme på mange ulike situasjonar og stader der de kan utforske naturvitskaplege emne. Prøv dette: Stopp filmen når som helst, og skriv ned eller snakk med partnaren din om kva for naturvitskaplege emne du finn på ein bestemt stad til eit bestemt tidspunkt.

Naturvitskap i skogen 

Ein video som viser nokre døme på naturvitskaplege emne som barna kan utforske når de er på tur i skogen. 

Naturvitskap ved kysten 

Nokre døme på naturvitskaplege emne som barna kan utforske nær sjøen.

Naturvitskap innandørs og i byområde 

Ein video som viser nokre døme på moglege naturvitskaplege emne som barna kan utforske i byområde eller innandørs. 

Forklaringar

I desse videoane finn du forklaringar på enkelte emne og dialogiske grep. Sjå dei og merk deg noko du ikkje hadde tenkt på før.

Om naturvitskaplege samtalar 

I denne videoen fortel matematikk- og naturfagspedagog Oda Bjerknes om då ho hadde ein produktiv samtale med barn om ein «øydelagd» mark, på ein måte som fekk barna til å utforske og tenkje vidare om eit naturvitskapleg emne dei var interesserte i. (Den same filmen er også lagd ut som miniførelesing.) 

Utforsking av naturmateriale 

Nokre døme på naturvitskaplege emne som barna kan utforske nær sjøen. 

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Vente lenge nok på svar 

I denne videoen forklarer Inga Margrethe Fagerbakke kvifor det er så viktig å vente på svar frå eit barn, og korleis du kan øve på det. 

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Samtalar med barn

I desse videoane snakkar ein av forskarane våre og barnebarnet hennar om ulike spørsmål. Sjå dei og legg merke til kva for strategiar barnet brukar i utforskinga si.

Har snigelen bein? 

Ein video der du kan studere korleis eit barn tenkjer rundt spørsmålet om snigelen har bein. Merk kor viktig det er å vente på svar frå barnet, og legg merke til kroppsspråket. 

Ser du ikkje videoen? Du må tillate marknadsføringscookiar for å spele av videoen. Endre cookieinnstillingar her

Korleis blir det lyd i ein gitar? 

Eit barn og ein vaksen utforskar korleis dei kan få lyd i ein gitar. 

Korleis lever og veks blomstrar? 

Ein dialog mellom ei jente og ein vaksen der emnet er korleis blomstrar kan vekse.