Klikkbilde

Klikkbilde er ei visuell tilnærming til samtalar om naturvitskapeleg emne med barn.

Det å kunne snakke om naturvitskap med barn handlar både om å ha kunnskap om ulike naturvitskaplege emne og om å vite korleis ein posisjonerer kunnskapen sin, haldninga di til kunnskap, i dialog med barn. 

Steg 1: Klikk og utforsk klikkbilde 

I denne modulen kan du klikke deg inn på ulike bilete som viser eit mangfald av landskap, dyr og planter, og utforske dei gjennom dei ulike interessepunkta. Tanken er at dette vil gjere deg meir medviten om det konkrete emnet i biletet og korleis du kan snakke om det. Det er lurt å gjere dette saman med ein kollega eller medstudent. Slik kan de diskutere emna og oppdage at de kanskje har ulike tankar om dei. 

Steg 2: Lag ditt eige klikkbilde 

Når du er ferdig med steg 1, veit du korleis strukturen i eit klikkbilde er. No kan du lage ditt eige. Det første du må gjere, er å ta eit bilete av noko du synest er interessant i eller rundt barnehagen eller skulen, og som på ein eller annan måte kan knytast til ein naturvitskapleg samtale. Interessepunktane dine må innehalde følgjande: 

  1. Fakta om gjenstanden eller emnet som blir vist fram. 
  2. Ein måte å snakke om det på. Finn ein eigna metode for å tilnærme deg situasjonen du viser. Sjå gjennom sida «Samtaletypar» for å finne noko som passar til ditt bilete. 
  3. Eit forslag til ein estetisk måte å arbeide med emnet på. Song, dikt, kunst, landskapskunst e.l. 
  4. Eitt eller to artige faktum om du finn det! 

Dersom du har tilgang til Canvas, kan du bruke verktøyet H5P til å lage klikkbilde. Du kan også opprette ein gratis konto på https://h5p.org/. Her finn du ei rettleiing til å lage biletet: Rettleiing til å lage eit klikkbilde. Det tek tid i starten, men du får det til! 

Det er også mogleg å lage klikkbilde på andre måtar. Du tek berre det biletet du ønskjer og opnar det i eit biletredigeringsprogram, eller du kan teikne på ei utskrift. Marker deretter interessepunkta med 1, 2, 3 osv. Dersom du vel å gjere det på denne måten, må du lage ei liste nedanfor der du forklarer kva for interessepunkt dei ulike tala viser til. 

Når du er ferdig med interessepunkta, er det fint om du kan presentere dei for ei gruppe kollegaer eller medstudentar og reflektere rundt nye perspektiv og idear du har fått i denne prosessen.