Samtaletypar

På denne nettsida ser vi nærare på korleis lærarar og andre vaksne kan forbetre dialogen med barn, slik at dei kan dra større nytte av situasjonar som er fulle av moglegheiter for utforsking og læring om naturvitskap, og der gode samtalar kan gjere at ein lykkast med det.

Verdien av samtalar i barnehagen og på skulen 

Det er openbert at samtalar er viktig i barnehagen og på skulen. Vaksne og barna snakkar saman heile tida. Samtalar er det viktigaste mediet for sosial læring, for å formidle meiningar og for å utforske verda saman. I tråd med dette har mange forskarar på munnleg kommunikasjon hevda at samtalar er ekstremt viktige i opplæringa (Sfard 2008, Alexander 2004/2019, Kim og Wilkinson 2019, Cui og Theo 2020, osv.). Dette sitatet frå Kim og Wilkinson kan illustrere det nemnde synet: «Det er få ting som er like veletablert innanfor pedagogikken som tanken om at språket er det viktigaste verkemiddelet for læring, og at det spelar ei sentral rolle i å knyte undervisning, læring og kognitiv utvikling saman» (Kim og Wilkinson 2019, s. 70, vår omsetjing). På denne nettsida ser vi nærare på korleis du kan bli flinkare til å snakke med barna.