Repertoar

Læraren vil ha eit stort repertoar av metodar for å leggje til rette for læring, på same måten som musikaren vil ha eit repertoar av melodiar han eller ho kan spele, og skodespelaren vil ha eit repertoar av handlemåtar ut frå den fiktive samanhengen.

Læraren vil ha eit repertoar av oppgåver å gje, måtar å strukturere ein time på, osv. Læraren kan også opparbeide seg eit repertoar av måtar å leie samtalar på og måtar å snakke med og svare barn på, basert på kva for moglegheiter han eller ho ser i situasjonen. Læraren opparbeider seg først og fremst eit repertoar gjennom praksis, og dette gjev dermed erfaring. Men kvaliteten på samtalerepertoaret er avhengig av at ein har retningslinjer for korleis ein skal gjere det, at ein øver og prøver å bli dyktig i det, og at ein reflekterer over kva for aspekt som var del av situasjonen.    

Måtar å stille spørsmål på, til dømes produktive spørsmål eller samtalegrep og dialogiske grep, kan tene som verktøy når ein skal byggje seg opp eit repertoar over måtar å gjennomføre samtalar på.