Lukka og opne spørsmål

Lukka og opne spørsmål om naturen – kva er det, og er det eine betre enn det andre?

Ein måte å vere med-undrar til barnet på er å stille spørsmål i den aktuelle situasjonen. Litteratur om utforskande samtalar tilrår ofte opne spørsmål for å få barnet til å bidra til samtalen på ein måte som blir noko meir enn å svare på kontrollspørsmål. Vi definerer opne spørsmål som spørsmål som har meir enn eitt svar. Lukka spørsmål er dermed spørsmål som berre har eitt svar, eller rettare: spørsmål som berre har eitt svar som er rekna som rett. Den første tanken kan vere at mykje av kunnskapen om naturvitskaplege emne er av lukka art – at det finst eit rett og eit feil svar på spørsmål om naturen. I mange tilfelle stemmer det, men det finst sjølvsagt også mange problemstillingar der ingen veit det rette svaret, og mange tilfellet der eit fasitsvar ikkje er det vi er ute etter.  

Rådet om å stille opne spørsmål er godt, men vi vil peike på at lukka spørsmål også kan vere nyttig. Poenget vårt er at ingen av dei to spørsmålstypane er betre eller viktigare enn den, andre og at du bør kunne bruke begge to, og svare på begge typane spørsmål, avhengig av føremålet med situasjonen og kva du meiner er best for barnet i den bestemte situasjonen. For den vaksne som stiller spørsmål, er det viktig å vite når ein skal bruke dei to typane spørsmål.  

Det er også viktig å hugse at det kan vere vanskeleg for barnet å reflektere over eller undre seg over ei problemstilling dersom barnet er svært ungt – særleg dersom gjenstanden eller fenomenet som blir omtalt, ikkje er til stades i situasjonen. Refleksjon er meir krevjande enn berre å gje svar – ein treng eit utvikla og nyansert språk for å kunne reflektere. I slike tilfelle kan det vere best å stille eit lukka spørsmål. I andre tilfelle kan det vere rett med opne spørsmål fordi mange barn då vil engasjere seg i å prøve å finne svar. 

Eit ope spørsmål som er knytt til ein felles observasjon eller ei felles oppleving blir rekna som ein god måte å starte ein utforskande samtale på. For å stille opne spørsmål er det viktig å spørje om tankane, synspunkta eller forklaringane til barnet på det aktuelle naturvitskaplege emnet. Opne spørsmål blir også kalla autentiske spørsmål, på den måten at personen som stiller spørsmålet, faktisk er ute etter meininga eller synspunktet til nokon.  

Tenk deg at de gjennomfører eit eksperiment i barnehagen der de utforskar om ei gulrot søkk eller flyt, med nokre treåringar, og du vil stille eit spørsmål. Dersom du spør: «Kva trur de skjer med gulrota når vi legg henne i vatn?» får du kanskje svaret: «Ho blir våt!». Og det er sjølvsagt eit godt svar, men truleg ikkje det du var ute etter! I dette tilfellet kan det vere nyttig å kjenne til teorien om korleis ein stiller produktive spørsmål.