Produktive spørsmål

Det viktigaste når ein utforskar naturen saman med barn, er å la dei få sine eigne opplevingar i sitt eige tempo.

Når dei er i gang med å utforske, kan du stille spørsmål som bidreg til læring. Desse spørsmåla bør vere produktive, slik at dei …

  • Gjer barna meir merksame og får dei til å observere 
    • Har du sett auga til krabben? 
    • Korleis kjennest gjørma ut?
    • Kva luktar teposen? 
  • Oppmod barna om å telje og måle 
    • Kor mange nøtter har du?
    • Kor stor er deigen no?
    • Kor mange skeier bakepulver treng vi for å lage denne vulkanen? 
  • Oppmod barna til å samanlikne og utforske skilnader 
    • Ser alle lauva like ut?
    • Korleis skil dei seg frå kvarandre? 
    • Kva er skilnaden mellom …?
  • Lei fram til vidare utforsking
    • Kva skjer dersom du held eit glas over eit brennande stearinlys? 
    • Kva skjer dersom du legg ein isbit i vatn?         
  • Formuler ei problemstilling 
    • Korleis kan du finne ut kva skrukketrollet et? 
    • Korleis kan denne leira formast for å kunna flyta? 
  • Oppmod barna om å kome med forslag eller hypotesar. 
    • Kva trur du vil skje med dette glaset med vatn dersom det får stå i vindauget i nokre dagar?
    • Kvifor trur du det? 
  • Oppmod barna om å trekkje konklusjonar. 
    • No har vi altså lært at magnetar har ein nordpol og ein sørpol. Kva skjer dersom vi skyv to nordpolar saman? 
  • Oppmod barna om å dokumenter og kommunisere. 
    • Korleis kan du forklare det du lærte, til Tommy, som ikkje var her i går? 

(Elstgeest, 1996).  

I denne miniførelesinga kan du sjå korleis Oda Bjerknes brukar produktive spørsmål i ein samtale med barn om ein meitemark: