Samtalegrep / dialogiske grep

Samtalegrep eller dialogiske grep er forslag til måtar å svare på ei ytring på, og dei kan vere eit verktøy i produktive samtalar.

Samtalegrepa er eit sett av handlingar som læraren eller den vaksne kan bruke i ein samtale med eit barn for å hjelpe barnet til å utforske emnet vidare.  

Chapin mfl. (2009) føreslår fem samtalegrep som lærarar kan bruke når dei responderer på ei gruppe av svar eller initiativ i ein samtale med barn eller elevar. Samtalegrepa er utvikla for klasseromsundervisning, men dei kan også brukast med barn i barnehage eller tidleg skulealder, eller av alle vaksne som snakkar med barn, som alternative svar for å bringe samtalar om naturvitskap framover. Hugs å tilpasse grepa til alderen til barna og den tidlegare kunnskapen deira om språk og innhald.  

Samtalegrepa til Chapin er:  

Omformulering 
Dersom den vaksne har problem med å forstå kva eleven/barnet meiner, er det lurt å omformulere det som blei sagt. Døme: «Så det du seier, er at …», og så held du fram ved å uttrykkje det du trur barnet meinte, og brukar så presise og korrekte ord som mogleg. Omformulering har fleire funksjonar: Det bidreg til å avklare kva barnet tenkte, det vil hjelpe andre lyttarar til å forstå bidraget frå barnet, og det kan posisjonere barnet som ein viktig bidragsytar i samtalen.  

Gjentaking 
Læraren kan be eit barn om å gjenta noko som blei sagt av nokon andre. Døme: «Kan du gjenta (med dine eigne ord) det Peter nettopp sa?» Moglege fordelar med dette samtalegrepet er å saktne farten i samtalen og sikre at alle oppfatta det som blei sagt, slik at dei kan delta i resten av samtalen.  

Resonnering 
I dette tilfellet spør den vaksne barnet om å resonnere rundt ei utsegn eller eit synspunkt frå barnet sjølv eller nokon andre. Døme: «Kvifor trur du det?» eller «Er du einig eller ueinig med X, og kvifor?». Fordelen med dette samtalegrepet er å avklare tenkinga bak utsegner eller synspunkt og gjere det eksplisitt korleis dei ulike ytringane er knytte saman i logiske kjeder. Det kan også få barnet til å engasjere seg i samtale og utforske andre moglege synspunkt om emnet.   

Utviding 
Den vaksne kan spørje barna om dei vil leggje til noko til det nokon har sagt. Ved å bruke dette samtalegrepet kan fleire barn få bidra til samtalen, og det kan også vere eit tillegg til resonneringa som er nemnd ovanfor, ved at det blir lagt til fleire poeng under same emne.  

Venting 
Vaksne går ofte raskt vidare dersom dei ikkje får svar på spørsmåla sine raskt nok, eller dersom svaret var noko anna enn venta. Ved å vente slik at barna får tenkje eller resonnere før dei svarar, oppnår du minst to ting: Fleire barn vil bidra til spørsmålet, og svara vil vere lengre og meir detaljerte.  

I tillegg til at dette er eit nyttig verktøy i dine eigne samtalar med barn, kan denne lista over samtalegrep fungere som eit analytisk verktøy dersom du analyserer video- eller lydopptak av dine eigne samtalar med barn, slik vi føreslår at du gjer i denne oppgåva. Medvit om korleis dine eigne bidrag til samtalen fungerer, er til uvurderleg hjelp for å bli ein god og medviten samtalepartnar.