Svar på spørsmål frå barn

Dersom eit barn stiller eit lukka spørsmål, vil det i dei fleste tilfelle vere best å vise, gje døme og nokre gonger forklare det rette svaret, slik at barnet får lære meir om emnet.

Eit råd frå naturvitaren er å prøve å gje spesifikke svar i staden for å svare generelt. Dersom eit barn til dømes spør deg om kva ei plante heiter, bør du heller svare med namnet på den spesifikke planta, til dømes «løvetann», i staden for «blomster».  

Nedanfor ser du ein situasjon der barnet stiller eit spesifikt spørsmål om kva tusenbein heiter, og får svar.  

Stian: Kva er det? 
Læraren: Det han heldt? Eller denne? (Peikar på ein mark i handa si.) 
Stian: Det han heldt.  
Læraren: Han heldt eit tusenbein.  
Stian: Tusenbein?  
Læraren: Eit insekt med mange bein. 
Bendik: Kan eg få eit?  
Læraren: Ja. Du kan halde dette. 
Jenny: (Til gutane og den vaksne:) Nei, nei! (I bakgrunnen:) Dei kan ikkje stele tusenbeinet!  

Nokre gonger kan det vere eit poeng å prøve å få barnet til å finne svaret sjølv. I slike tilfelle kan den vaksne svare med eit oppfølgingsspørsmål i staden for å gje svar.  

Dette er henta frå ein situasjon der ein lærar og eit barn les ei bok om insekt. Dei les om stankelbeinet.  

Læraren: Stankelbeinet et faktisk ikkje etter at det har blitt vakse.  
Barn: Et det ikkje? Korleis har det energi då?  
Læraren: Det er eit godt spørsmål. Korleis har det energi då?  
Barn: Kanskje han ikkje har rumpe!  
Læraren: Slik at han kan bruke maten han allereie har ete? Hmm. 
Barn: Ja.  
Læraren: Eller kanskje han ikkje lever så lenge etter at han har vakse opp. Det må vi finne ut av.  

I dette tilfellet kjem læraren og barnet med to ulike hypotesar om kvifor stankelbeinet ikkje et. Tilfeldigvis finn dei eit stankelbein neste dag, fangar det og plasserer det på eit tomt syltetøyglas. Planen er å observerer om det produserer ekskrement eller ikkje. Det viser seg at stankelbeinet døyr nokså snart.  

Dersom barnet stiller eit ope spørsmål, bør den vaksne prøve å reflektere over spørsmålet ein måte som kan modellere refleksjon for barnet i seinare tilfelle, og prøve å inkludere barnet i refleksjonane.  

Barn: Eg lurer på kva som skjer om hoggormen bit seg i tunga! 
Vaksen: Ja, det var eit godt spørsmål! Kva trur du?  
Barn: Kanskje han forgiftar seg sjølv?  
Vaksen: Ja, kanskje det! Eg veit ikkje. Trur du vi kan finne det ut?