Misoppfatningar

Oppfatningar hos barn som skil seg frå dei som generelt sett er aksepterte, kallar vi vanlegvis misoppfatningar.

Unge barn har si eiga forståing av verda, kunnskap og naturvitskaplege omgrep. Desse oppfatningane er ikkje alltid korrekte, og av og til kan det vere vanskeleg å endre dei. Støtte frå ein kompetent partnar er viktig når barn skal lære. Som lærar må du knyte deg så tett som mogleg til dei tankane barna allereie har om verda. Ved å ta utgangspunkt i tenkjemåten deira startar du med deira naturlege måte å forstå ting på. Knepet er å gje barna høve til å prøve ut sine eigne oppfatningar og utvikle dei vidare til nyttige tenkjemåtar. Barn kan bruke ideane sine og uttrykkje observasjonar. Barnet kan byggje ny kunnskap på tidlegare oppfatningar av verda. I tillegg vil sosial samhandling mellom barn gjere at deira eigne og andre sine tankar (barna sine og læraren sine) blir smelta om til ny naturvitskapleg innsikt.  

På norsk heiter både fiskeegg og treet i rosefamilien «rogn», og dette kan skape misforståingar.