Argumentasjon

Argumentasjon er ein spennande aktivitet: Vi brukar éi utsegn til å støtte opp om ei anna.

Vi gjev og tek argument ikkje berre når vi er ueinige, men også når vi prøver å løyse eit problem saman. I begge tilfelle er det å kunne presentere argument for noko vi trur, eller for ei handling, noko vi knyter tett opp til det å vere rasjonell: Den som kan grunngje noko, har tenkt gjennom standpunktet sitt. Ved å grunngje viser vi også til utsegner vi meiner er sanne eller korrekte – elles ville vi ikkje ha brukt dei som argument. Når vi lyttar til grunngjevinga til eit barn, får vi eit innblikk i kva barnet meiner er sant. Innanfor naturvitskap kan dette seier om kva forsåing barnet arbeider ut i frå (konseptualisering).  

Det er velkjent at barn begynner å delta i argumentasjon allereie frå dei er to år gamle. Dette er interessant fordi argumentasjon føreset ei evne til å sjå ting frå den andre sitt perspektiv, sidan argumentet må utformast basert på samhandlinga og det felles grunnlaget ein har med den andre, og det den andre meiner.    

Interessant nok har forskarar lenge leita etter argumentasjon hos barn ved å sjå på ueinigheit og krangel. Her har dei ofte funne begynnande argumentasjon, men han går gjerne raskt over i fysiske handlingar, roping på vaksne eller at partane går frå samtalen.   

I samtalar som i større grad er retta inn mot samarbeid, ser vi derimot at yngre barn resonnerer seg frå éi meining til ei anna. Desse situasjonane handlar ofte om problemløysing (kva kan vere ei god løysing, og kvifor?) og utforsking (korleis har det blitt slik, og kvifor?). Ehlich (2014) skil mellom overtydande argumentasjon, der føremålet er å overtyde den andre i ein diskusjon, og utforskande argumentasjon, der ein legg vekt på samarbeid om eit problem gjennom å resonnere. Dette handlar om eldre barn, men er også gyldig for yngre barn. Når vi høyrer ordet «argumentasjon», tenkjer vi ofte på overtydande argumentasjon. Det meir komplekse, og det som er mest interessant i samtalar om naturvitskap, er utforskande argumentasjon. Så be om grunngjeving. Og gje grunnar sjølv. Utveksle grunnar. Og ikkje avvis dei med ein gong, men prøv å forstå grunnlaget for dei. Dersom du ikkje har fleire grunnar å gje, kan du hente inn meir informasjon.