Omgrep og ord

Omgrep er førestillingar som handlar om korleis du ser føre deg ting i ditt indre, og orda er merkelappane du set på desse førestillingane.

Omgrep og ord er noko vi lærer i ein samanvoven prosess: Nokre gonger kjem ordet først, og du må leite etter ei førestilling som passar til ordet, og andre gonger lagar du førestillinga først og leitar etter eit ord som passar til henne. Som oftast er det ein parallell prosess. Grunnlaget for innlæring av omgrep er at barn brukar alle sansane når dei opplever ting. Dei ser, føler, smakar, lyttar og luktar. Samtidig opplever dei referenten i ein kjenslemessig, fysisk og kulturell samanheng (Høigård, 2006, s. 163).   

Barn lærer ord gjennom eigne opplevingar, altså gjennom direkte sanseopplevingar med referenten, eller gjennom andrehandsopplevingar, altså gjennom andre ord, forklaringar, skildringar og definisjonar. Når vi som vaksne samtalar med barn, tyr vi ofte til orda først. Vi er raske med å forklare og gjere unna mykje av snakkinga, men det er mykje enklare å danne eit solid grunnlag for eit omgrep gjennom eigne opplevingar. Dette gjeld for alle aldersgrupper, men i særleg stor grad for unge barn. Derfor bør vi støtte og leggje til rette for omgrepslæring gjennom eigne fleirsanselege opplevingar i så stor grad som mogleg, med samtidig eller etterfølgjande støtte til læringa gjennom bruk av dei rette orda for det som blir omtalt. Når ein lærer eit nytt ord er det enklare å lære det rette ordet med ein gong enn å ta omvegen om ein «barnevariant» av ordet. Det er også mogleg å lære eit kvardagsord på same tid som eit fagord dersom dei blir introduserte samtidig som sjølve opplevinga skjer. For yngre barn som lærer mange nye ord og omgrep kvar dag, er det nyttig om den vaksne i så stor grad som mogleg gjer bruk av kontekstbaserte samtalar (her-og-no-samtalar), samtidig som han eller ho set namn på ting og fenomen og brukar språket aktivt og presist i samtalar.  

Som den mest kompetente samtalepartnaren for barnet som utforskar naturen og lærer seg ord og omgrep, bør du  

  • ta utgangspunkt i undringa til barnet – slik kan barnet «eige» spørsmålet frå starten av, og dette vil gjere at barnet opplever situasjonen som meiningsfylt (særleg i spontane samtalar – i delvis spontane eller planlagde samtalar kan du skape interesse for noko spesifikt ved å vere oppglødd og interessert sjølv)  
  • la barnet få erfare og utforske sjølv – di rolle er å vere observatør og samtalepartnar   
  • vere interessert i det barnet utforskar – legg vekt på det same fenomenet eller den same gjenstanden over tid (dette kan skje både med og utan at du snakkar om emnet)  
  • la barna snakke med kvarandre og med deg om opplevingane sine 
  • ta deg tid til å lytte til barnet 
  • bruk språket aktivt – set namn på ting, handlingar, prosessar og fenomen  
  • prøv å ha nok kunnskap om naturvitskap til å kjenne att dei fenomena barnet er interessert i, og bruk dei rette omgrepa (dersom du ikkje veit nok når barnet spør, kan du lese deg opp)  

Gode samtalar om naturvitskap med barn kan vere korte, men likevel bli produktive dersom dei vaksne er engasjerte og kompetente, deler interessa med barnet og held oppe merksemda over tid. Emne kan også takast opp att seinare, og slik kan ein samle opp kunnskap. Dette vil også bidra til innlæring av ord og omgrep.  

Etter at barna har utforska og opplevd natur og naturvitskap, kan det å lese om og leike med fenomenet eller gjenstanden utvide læringa og forståinga av ord og omgrep.