Antropomorfisme

Antropomorfisme er å tillegge menneskelige egenskaper, følelser og atferd til dyr eller andre ikke-menneskelige ting.

Antropomorfisme er eit ord sett saman av ‘antro’ og ‘morf’. ‘Antro’ kjem frå gresk, det tyder menneske og er ei vanleg forstaving i mange ord, som til dømes i orda antropologi og antroposentrisme. ‘Morf’ kjem også frå gresk og tyder ‘skapnad ‘eller ‘form’. Antropomorfisme tyder derfor at noko får menneskeform. Det kan dreia seg om dyr, planter, steinar eller gjenstandar. Ein seier gjerne at dyr, planter og gjenstandar får menneskelege eigenskapar.  Antropomorfisme er kjent frå religionsvitskap, der ein brukar det om at gudar og ånder blir framstilt med menneskeleg form. Det er også brukt for å karakterisera mange ulike typar litteratur der særleg dyr og andre fenomen blir gitt menneskelege eigenskapar. Det gjeld til dømes dyr i fablar, segner og eventyr, og dyr i bildebøker og forteljebøker for barn og romanar for vaksne (Arienti, 2021). Det gjeld også andre kulturelle uttrykksformer som teikneseriar, animasjonsfilmar og dataspel. I litteraturvitskapen er antropomorfisme ein samlekategori for besjeling, som er å gi menneskelege eigenskapar til dyr, og personifisering som er å gi abstrakte ting menneskelege eigenskapar Murfin & Ray, 2003, s. 339).

Det er rimeleg å tenkja seg at barn blir påverka av den massive mengda dyr med menneskelege eigenskapar dei møter i barnekulturen, men antropomorfisme ser også ut til å harmonera særleg godt med barns eigen tenkjemåte. Barn si erfaringsverd krinsar ofte omkring familielivet i dei første åra, og dei vil gjerne overføra dei mønstra dei kjenner frå eigne erfaringar til det dei observerer i naturen. På den måten kan dei dra analogiar mellom roller i familien og observasjonar av dyr der slike analogiar passar godt, for eksempel om mammakatten og kattungane, eller om babyelefanten i ein flokk. Familierelasjonar kan også brukast til å uttrykka forhold mellom dyr av ulik storleik i utsegner som pappamakken og babymakken, og babyfiskane. Ei overordna målsetjing i barnehage og skule er at barn skal læra seg å ha respekt for naturen, og at dyr skal behandlast godt. Så er tanken at ein i neste omgang kan byggja på kjærleiken til naturen til for å utvikla eit ønske om å leva og bruka naturen på ein berekraftig måte. Antropomorfisme kan vera ein nødvendig veg å gå for barnet, for denne innlevinga trengst for å sjå fenomena i naturen som likeverdige med menneska.

I naturfaget har ein lenge vore oppteken av at sjølv om barn nyttar antropomorfisme bør ikkje den vaksne gi barnet slike forklaringsmodellar, t.d. ved å spørja barnet om det trur at maurane skal heim å leggja seg eller at antyda at småkrabbane i bøtta har det kjekt saman. Det er fleire årsaker til dette. Den eine er at ein overdriven bruk av antropomorfisme kan stå i vegen for læring av naturfagleg kunnskap som barn ofte er oppteken av. Den andre årsaka er at dyr slik kan bli behandla på feil måte fordi dei ikkje har desse menneskelege eigenskapane.  Den vaksne kan i staden gi barnet alternative forklaringsmodellar og riktige omgrep ved å nemna dei korrekte namna på naturfenomena og prøva å omtala dyra si åtferd på ein mest mogleg korrekt måte. I dette ligg eit ønske om å unngå antroposentrisme, nemleg det at ein ikkje ser naturen på eigne premiss, men som noko mennesket har rett til å styra og bruka.