Den gode, vedvarande samtalen
Den gode, vedvarande samtalen (Sustained Shared Thinking, SST på engelsk) er definert som ei hending der to eller fleire enkeltpersonar arbeider saman på ein intellektuell måte for å løyse eit problem, avklare eit omgrep, evaluere aktivitetar, overføre ei forteljing e.l.
Begge partar må bidra til tenkinga, og ho må utvikle og utvide forståinga (Siraj-Blatchford mfl. 2002). Samtalar om naturen og naturvitskaplege emne er godt eigna for den gode, vedvarande samtalen. Utforsking av naturvitskaplege emne krev tid og konsentrasjon, og den vaksne spelar ei viktig rolle ved å byggje stillas for barnet og støtte opp om tenkinga til barnet. Dei vaksne må forstå det kognitive, kulturelle og sosiale perspektivet til barnet for å kunne byggje bru mellom den kunnskapen barnet har i dag, og den kunnskapen barnet er i stand til å tileigne seg (Sjå også Haldning til kunnskap). Den vaksne spelar ei nøkkelrolle når det gjeld å kjenne barnet, vere medviten om utviklingsnivået til barnet og gjennom vedvarande, delt tenking ha ferdigheiter til å støtte barnet slik at det kan utvikle tenkjeferdigheitene sine til neste nivå (Siraj-Blatchford og Sylva, 2005, vår omsetjing).
Dei følgjande funna kjem frå ein stor praksisstudie blant barnehagelærarar: I samanhengar som blei rekna som veleigna, rettleidde barnehagelærarane barna til djupare tenking ved å utfordre tenkinga deira. Dette blei vanlegvis sett i gang av barnet, men blei vidareført gjennom god samhandling som barnehagelærarane la til rette for (Siraj-Blatchford mfl., 2002). Strategiar for den gode, vedvarande samtalen omfattar mellom anna
- engasjement og ekte interesse
- respekt for avgjerdene og vala til barnet
- forslag
- påminningar – om noko barnet sa tidlegare
- oppmodingar om vidare tenking
- tilbod om eit alternativt synspunkt
- bruk av opne spørsmål
- modellere tenking
- attforteljing
- avklaring av idear
- fortelje om eigne erfaringar
- invitasjon til barnet om å utdjupe (Siraj-Blatchford, 2005)
Her er ein video som eksemplifiserer korleis du kan bruke desse strategiane i ein samtale om skrukketroll: