Naturvitskaplege ferdigheiter og emne

Barn er ofte nysgjerrige på naturen og finn ting i han som gjer dei nysgjerrige. Dei kan kome med uventa spørsmål.

Dersom det finst vaksne som kan følgje interessene deira, og som har god kunnskap om naturen, er det enklare å dyrke interessene til barna og stimulere til vidare utforsking gjennom kvardagssamtalar.

Resultata våre frå ei internasjonal spørjeundersøking* viser at barnehagelærarar er svært opne, motiverte og interesserte i naturvitskap. Samtidig seier dei at dei manglar grunnleggjande kunnskap og metodar for å samtale med barn om naturvitskap. Dette gjer dei tilbakehaldne, og dei unngår ofte å snakke med barna om naturvitskapsrelaterte emne. Sidan vi veit at naturvitskapsrelaterte emne er svært populære blant barn – emne som insekt, fuglar, vatn/snø osv. – er det nyttig å ha kunnskap om desse emna som er relevant for nærområdet ein bur i.

I tillegg opnar det seg fleire moglegheiter når ein har grunnleggjande kunnskap. Kanskje svarar vi ikkje på spørsmålet frå barnet med ein gong, sjølv om vi veit svaret. Kanskje spør vi i staden kva barnet trur sjølv, eller vi finn svara saman med barnet. Prøv å finne måtar å halde barna nysgjerrige og interesserte på! 

Desse overskriftene kan gje idear til korleis du kan utforske og diskutere emne innanfor naturvitskap, med interessene og spørsmåla fra barna som utgangspunkt: 

* Upublisert masteroppgåve av Annemarie Fritsche (Tyskland)