Utforskande tilnærming til naturvitskap

Vi veit at læringsprosessar som legg til rette for aktivitet og refleksjon, sannsynlegvis fører til læring. Men korleis kan vi skape slike prosessar når vi arbeider med naturvitskap i barnehagen og barneskulen?

Det å vere nysgjerrige er nødvendig for tilsette i barnehagen når ein har kvardagssamtalar med barna - ein må ha overskot til å ta del i ideane til barna, lytte til dei og lære saman med dei. Sjølv om ein har ein plan for dagen, kan ein ikkje alltid halde seg strengt til han eller insistere på å fullføre det ein hadde planlagt. Derimot kan ein planleggje for å vere medvitne om og opne for initiativ frå barna. Utforskande tilnærming er ein undervisningsmåte som gjer barnet aktivt i læringa. Undersøkingar om naturvitskap har tre viktige fasar: 1) engasjement gjennom opplevingar, 2) utforsking og 3) forklaring gjennom refleksjonar (Fischer, Leicht Madsen og Solli, 2002).

1. Engasjement gjennom opplevingar

Undersøkingsprosessen er driven av at ein er nysgjerrig og engasjert. Initiativet kan kome frå ein lærar eller, endå betre, frå barna sjølve. Det kan kome gjennom eit spørsmål, ei ytring, eit blikk, ei rørsle eller ei sanseleg utforsking. Det er viktig å engasjere barna i undersøkinga, slik at dei får eigarskap til det aktuelle spørsmålet. Dersom barna føler at opplevinga er relevant for dei, er det meir sannsynleg at dei lærer noko av undersøkinga. Dessutan kan engasjementet byggje på tidlegare opplevingar barna har hatt, slik at kvar enkelt kan byggje kunnskap innanfor den proksimale utviklingssona si.  

Det er svært viktig at læraren er ein god lyttar, og at han eller ho svarar på initiativ frå barna på ein god måte. Moglegheitene til å engasjere barna i å gjere undersøkingar går ofte tapt fordi vi som lærarar stiller for mange spørsmål, serverer ferdige svar, svarar ukonsentrert, går for raskt vidare eller gløymer å la barna undre seg og forme sine eigne spørsmål og opplevingar.   

Rolla til læraren i engasjementsfasen er å leggje til rette for situasjonar som kan føre til undersøking, vere sensitiv for situasjonen og kjenne att situasjonar i skulen eller barnehagen som kan danne utgangspunkt for undersøkingar.

2. Utforsking

Utforskingsfasen er den delen av undersøkinga der ein samlar inn «bevis» eller «data». I denne fasen får barna nye erfaringar som dei knyter til tidlegare kunnskap. Utforskingsfasen i eit naturleg miljø vil omfatte observasjon og samhandling med omgjevnadene.  

Støtte og struktur frå lærarar i denne fasen vil hjelpe barna i refleksjonane deira og leggje til rette for at læringa ligg innanfor den proksimale utviklingssona deira (stillasbygging). Korleis dialogen utviklar seg, er viktig for resultatet av utforskinga.  

I denne fasen er det også nyttig å bruke utstyr, lese bøker eller leite fram andre kjelder som kan stimulere utforskinga til barna. 

3. Forklaring gjennom refleksjon

I undersøkinga vil barna prøve å tolke dei nye erfaringane sine og prøve å få dei til å stemme med tidlegare kunnskap, for så å utvikle ei ny forståing innanfor det aktuelle emnet. Refleksjonane deira kan føre til nye spørsmål, som igjen kan føre til meir utforsking. I denne fasen kan læraren som stillasbyggjar oppmode barna om å gjere vidare undersøkingar.  

Etter ei undersøking kan læraren hjelpe barna til å attfortelje opplevingane sine og knyte dei til tidlegare kunnskap. Ved å stille spørsmål, til dømes, kan barna sjølve setje saman ulike bitar av kunnskap og erfaringar på måtar som gjer at dei får ei større forståing av verda.  

Når barna observerer og samhandlar med noko dei interesserer seg for, vil det dukke opp nye spørsmål saman med refleksjonane deira om dei nye opplevingane. Dei vil vere i ulike fasar av utforskinga, og dei vil flytte seg mellom dei tre fasane. Broström (2015) skildra produktive spørsmål som ein naturvitskapleg praksis. Denne praksisen oppstår når læraren lykkast med å finne balansen mellom initiativ og uttrykk frå barna og handling frå den vaksne. Dette vil seie at læraren set ord på initiativa frå barna.  

Ei undersøking kan ha ulike nivå av lærarkontroll, frå ei open tilnærming der barna spelar hovudrolla, til ei meir lukka undersøking der læraren tek leiinga. Særleg dei yngre barna opplever gjennom sansane og gjennom leik. Dette kan gje moglegheiter for utforskande læring.