Oppleve kjensla av ikkje å li lytta til

Dette er ei oppgåve som skal auke medvitet om korleis det kan kjennast for barn når dei fortel ei historie eller ønskjer merksemd frå nokon som ikkje lyttar.

Steg 1: 

Sjå videoen nedanfor og reflekter over kroppsspråket og talen til barnehagelæraren. Diskuter utfordringa med å ha meir enn eitt barn rundt seg, i ein typisk utandørssituasjon, og korleis ein kan møte dei ulike initiativa som barna kjem med heile tida. Korleis kan du vise interesse verbalt og med kroppsspråket? 

Nyttige spørsmål: 

  • Kva er dei kroppslege initiativa frå barnet? 
  • Kva er dei verbale initiativa frå barnet? 
  • Korleis kan du forklare mangfaldet i ytringar?
  • Korleis kan ein hente opp initiativa frå desse situasjonane seinare? 

I denne videoen er det fleire barn som tek kontakt med ein barnehagelærarstudent samtidig. 

Samhandle med mange barn samtidig

 

Steg 2: 

Prøv eit mikrorollespel der målet er å oppleve kjensla av å ikkje bli lytta til. Arbeid i grupper på 2–4 personar. 

  1. Den første personen finn på ei historie eller fortel att noko som faktisk har hendt, og som er spennande for han eller henne. 
  2. Etter kvart som han eller ho fortel, skal dei andre i gruppa demonstrativt sjå i andre retningar, snakke med kvarandre og bruke eit kroppsspråk som viser at dei ikkje følgjer med. 
  3. Byt på rollene til alle har fått prøvd. 
  4. Diskuter korleis det kjendest å vere den som ikkje blei lytta til.