Utforske naturmateriale gjennom ei sanseleg tilnærming

Steg 1: Utforsk eit naturmateriale med alle sansane 

Barn lærer og utviklar forståing for verda ved å bruke alle sansane. Dei ser, smakar, tar på, høyrer, luktar og brukar kroppen til å finne ut av verda. For å leggje til rette for gode utforskande samtalar med barn må vi vere medvitne om denne delen av perspektivet til barnet og at vaksne lett kan bruke for mykje merksemd på verbale initiativ. Det å bruke sansane til å tolke ulike materiale kan derfor vere ein god aktivitet for å tilnærme seg måten barnet ser verda på, slik at vi kan forstå meir om korleis vi kan handle saman med barnet. 

  1. Gå ut og finn ein gjenstand (ein stein, ein kongle, ei plante eller liknande).
  2. Bruk sansane til å oppleve og utforske gjenstanden.
  3. Sjå først på materialet sjølv. Ta på, lukt, lytt og sjå på materialet du har valt (du kan også smake på det eller tenkje deg korleis det ville ha smakt).
  4. Tenk gjennom kva for nye eigenskapar ved materialet du blei medviten om ved å gjere dette.

Målet er ikkje å vise at artsnamn og liknande er uviktig, men heller å auke medvitet om korleis eit barn kan oppleve ulike materiale. 

Sjå denne videoen der oppgåva blir demonstrert. 

 

Steg 2: Prøv med ein partnar! 

Du treng 2–4 ulike gjenstandar – til dømes nøtter, lauv, greiner, skal, gjørme osv. 

  1. Sjå først på materialet sjølv. Ta på, lukt, lytt og sjå på materialet du har valt (du kan også smake på det eller tenkje deg korleis det ville ha smakt). Prøv å formidle ein idé om materialet du har valt, til partnaren din utan å bruke ord – til dømes ved å bruke handrørsler, ansiktsuttrykk og andre rørsler. Deretter skal partnaren din gjere det same med eit anna materiale. 
  2. No skal du forklare gjenstanden ut frå eigenskapane hans (knyt det til observasjon). Ikkje set namn på gjenstanden – berre prøv å forklare han ut frå eigenskapane hans. 
  3. Reflekter saman over om de oppdaga noko nytt ved materialet de studerte, og korleis denne kunnskapen kan vere nyttig i dialog med barn.