Vente lenge nok til at ein får svar frå barna

Visste du at unge barn kan trenge ganske lang tid til å tenkje og resonnere før dei svarar på eit spørsmål? I nokre tilfelle kan dei yngste trenge opptil 30 sekund. Dette kan vere ei utfordring for den vaksne samtalepartnaren.

Forsking viser at vaksne som arbeider med barn, gjerne stiller nye spørsmål før barnet har fått sjanse til å svare på det første. Meir enn halvparten i ein av studiane våre svarte at dei burde ha brukt lengre tid på å vente på svar frå barna før dei stilte nye spørsmål. Dei såg dette som ei årsak til at moglegheita for utforsking gjekk tapt. Derfor er det lurt å øve på ventetid. I denne oppgåva kan du øve på ventetid i eit slags mikrorollespel. 

I denne videoen forklarer Inga Margrethe Fagerbakke kvifor det er så viktig å vente på svar frå eit barn, og korleis du kan øve på det. 

Vente lenge nok på svar

 

Steg 1: 

  • Lag grupper på 2–4 personar.
  • Finn eit naturvitskapleg emne å snakke om. Det kan vere eit naturmateriale, eit aktuelt vêrfenomen eller eit anna emne de kan utforske i den situasjonen de er i. 

Steg 2: 

  1. Den første personen, A, begynner å utforske gjenstanden utan å seie noko. Han kan rope ut engasjert, til dømes «oi!» eller «sjå!».
  2. Den andre personen i gruppa, B, stiller eit spørsmål om gjenstanden. 
  3. Den første personen, A, må deretter vente i minst 5 sekund (tel stilt) før han svarar B.
  • B, som stiller spørsmålet, vil då truleg ivre etter å stille fleire spørsmål og seie noko meir. Reflekter over korleis det kjennest å vente på svaret. 
  • A: Reflekter over utforskingsprosessen og kva du følte medan du venta. 
  • Dersom de er 3 eller 4 personar i gruppa, kan de byte på å ha dei ulike rollene og å observere samtalen. 

4. Byt på rollene, og la neste person i gruppa finne noko å undersøkje. 

 

Sjå denne videoen og legg merke til kor lang ventetid som krevst før barnet svarar.

Har snigelen bein?