
Rubbestadneset skule
På denne sida kan du lese meir om kva som skjer ved lærarutdanningsskolen Rubbestadneset skule.
Kontaktpersonar

Rektor: Tone Baugstø
Delt stilling: Caroline Gilje, lærar ved Rubbestadneset skule, skal ha delt stilling i norsk knytt til begynneropplæringa, ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking (ISLMT).
Ny fou-kontakt er for tiden under tilsetting.
Forskings- og utviklingssamarbeid med HVL
Lærarar frå Rubbestadneset skule som deltek i prosjektet: Åse Rønningen og Hanne Alvsvåg
Literacy in Teacher Education: Reading, Telling and Exploring the World» er et NFR- finansiert prosjekt. Prosjektet vil omfatte dei fire faga norsk, matematikk, engelsk og KRLE og vil vere innretta mot heile grunnskulen (1−10). Lærarstudentar i praksis vil delta i prosjektet. Med literacy-perspektivet rettes søkelyset mot alle dei fem grunnleggjande ferdigheitene, korleis dei samverkar i faga sine tekstkulturar og ikkje minst korleis språkbruk og tekstkultur varierer mellom faga, slik at det ofte vert opp til elevane å «omsetje» mellom dei.
Forskarane vil opprette tverrfaglege delprosjekt retta mot respektive begynnaropplæringa, mellomsteget og ungdomssteget. Tema som vil inngå er forteljing og utforsking på tvers av fag. Ein ønsker å tilby samarbeid gjennom eit forskingsprosjekt om utvikling av undervisning og læring på tvers av fire skulefag gjennom heile grunnskulen. Ein legg også stor vekt på å sjå prosjektet i samanheng med den nye læreplanen, og ser ei styrking av elevar og lærarstudentar sin literacy-kompetanse i lys av det tverrgåande temaet «Demokrati og medborgarskap».
RETELL: Researching Teacher Education, Language and Literature
Vestland i historien og Kristenrettjubileet Moster 2024
Vestland fylkeskommune har nyleg bevilget 300.000 kroner til eit forprosjekt som skal sjå på korleis det kan skapast samanheng i skuleløpet, frå barne- og ungdomstrinnet til videragående skule og vere eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Vestland fylkeskommune og dei kommunene og skulane som deltek.
Forprosjektet skal leiast frå HVL og vil vise om det er grunnlag for eit hovudprosjekt med skular frå heile Vestland. I forprosjektet vil også eit utprøvingsprosjekt om Kristenrettjubileet på Moster inngå, som del av lærerutdanningsskole-prosjektet og med oppfølging frå HVL.